Isaiah 1NO1938N

1Dette er dei syner som Esaias, son åt Amos, fekk um Juda og Jerusalem i dei dagane då Ussias, Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda.

2Høyr, de himlar, og lyd etter, du jord! For Herren talar: Born hev eg ale og fostra, men dei hev falle frå meg.

3Ein ukse kjenner eigarmannen sin, og eit asen krubba åt herren sin; Israel kjenner inkje, mitt folk skynar inkje.

4Usælt det syndige folket, det skuldtyngde folket, eit elde av illgjerdsmenner, rangsnudde born! Dei hev vraka Herren, vanvyrdt Israels Heilage og snutt ryggen til han.

5Kvi vil de hava endå meir hogg? Kvi held de ved med fråfallet dykkar? Kvart hovud er sårt, og kvart hjarta er sjukt.

6Frå hovud til hæl finst det ikkje noko heilt, berre flengjor og flerror og nyhogne sår, som ikkje er reinsa og ikkje umbundne og ikkje mykte med olje.

7Landet dykkar er ei øydemark, byane dykkar er brende; jordi dykkar et framande upp framfor augo på dykk, og alt ligg i øyde, som når framande hev herja.

8Berre Sions dotter er att som ei lauvhytta i ein vingard, som eit vaktarskjol på ei agurkmark, som ein kringsett by.

9Hadde ikkje Herren, allhers Gud, unnt oss ein liten leivning, då var me som Sodoma, me såg ut som Gomorra.

10Høyr Herrens ord, de Sodoma-fyrstar! Lyd etter vår Guds lov, du Gomorra-folk!

11Kva skal eg med alle slaktofferi dykkar? segjer Herren; eg er mett av brennoffer av verar og av gjødkalvefeitt, og blod av uksar og lamb og bukkar hev eg ikkje hug på.

12Når de kjem og vil syna dykk for mi åsyn, kven hev då kravt det av dykk at de skal trakka ned mine fyregardar?

13Ber ikkje fram fleire fåfengelege matoffer! Angen av dei er ein styggedom for meg. Nymåne og sabbat, høgtidsstemma - høgtid og urett i hop, det toler eg ikkje.

14Dykkar nymånar og høgtider hatar mi sjel, dei hev vorte meg ei byrd; eg er trøytt av å bera dei.

15Og når de retter ut hendene dykkar, gøymer eg augo mine for dykk; kor mykje de bed, so høyrer eg ikkje; hendene dykkar er fulle av blod.

16Tvætta dykk, reinsa dykk, få dykkar vonde åtferd burt frå augo mine, haldt upp med å gjera det som vondt er!

17Lær å gjera godt, legg vinn på det som rett er, vis valdsmannen på rett veg, hjelp den farlause til retten hans, før saki åt enkja!

18Kom og lat oss føra sak med einannan, segjer Herren; um syndene dykkar er som purpur, so skal dei verta kvite som snø; um dei er raude som skarlak, so skal dei verta som den kvite ull.

19Er de viljuge og lyder, so skal de få eta det gode i landet,

20men er de uviljuge og trassige, so skal sverdet eta dykk upp; for Herrens munn hev tala.

21Kor ho hev vorte ei skjøkja, den trufaste byen! Full av rett var han, rettferd budde der inne, og no - mordarar!

22Sylvet ditt hev vorte til slagg, vinen din er blanda med vatn;

23dine styresmenner er upprørsmenner og held lag med tjuvar; alle so elskar dei mutor og jagar etter gåvor; den farlause hjelper dei ikkje til retten hans, og saki åt enkja hev dei ikkje umsut for.

24Difor segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud, Israels Veldige: Ve! Eg vil sløkkja harmen min på mine uvener og taka hemn yver fiendane mine.

25Og eg vil taka meg av deg att og reinsa ut ditt slagg som med lutsalt og skilja ut alt ditt bly.

26Og eg vil atter gjeva deg slike domarar som i fyrstningi og slike rådsherrar som du hadde fyrr; sidan skal du heita rettferds-byen, ein trufast by.

27Ved rett skal Sion verta utløyst, og ved rettferd dei som umvender seg der.

28Men undergang skal råma alle illgjerdsmenner og syndarar, og dei som vender seg frå Herren, skal ganga til grunns;

29for dei skal få skam av dei eikene som er dykkar hugnad, og de skal standa til skammar med dei hagane som de held so gjæve;

30for de skal verta som ei eik med vise lauv og som ein hage utan vatn.

31Og den sterke skal verta til stry, og hans verk til ein gneiste, og dei skal brenna båe til saman, og ingen sløkkjer.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.