1Framsegn um Damaskus. Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, det skal verta ein grushaug.
2Aroerbyane vert folketome; hjorder fær dei til heim og lægrar seg der, og ingen skræmer dei.
3Og det skal vera slutt med borger i Efra'im og med kongedømet i Damaskus og med leivningen av Syria. Det skal ganga med dei som med herlegdomen åt Israels-borni, segjer Herren, allhers Gud.
4I den tidi skal Jakobs herlegdom verta vesal, og holdet skal minka burt frå folket.
5Det skal ganga liksom når skurdmannen grip i åkeren, og armen hans skjer aksi; det skal ganga liksom når dei sankar aks i Refa'imsdalen.
6Berre ein etterhaust skal verta att der, liksom når dei slær ned bær av oljetreet; tvo, tri bær øvst i toppen, ei fire, fem på greinene åt frukttreet, segjer Herren, Israels Gud.
7I den tidi skal mannen venda seg til skaparen sin, og augo hans sjå upp til Israels Heilage;
8han skal ikkje lenger venda seg til dei altar hans hender hev gjort, og ikkje sjå på det fingrane hans hev laga, korkje på Astarte-bileti eller solstolpane.
9I den tidi skal dei faste byane i Israel verta liksom dei aude tufter i skogane og på høgdene, dei som dei drog burt ifrå for Israels-borni skuld, og landet skal vera ei øydemark.
10For du gløymde Gud, din frelsar, og ditt sterke fjell kom du ikkje i hug; difor plantar du yndelege hagar og set utlendske vintre i dei.
11Den dagen du plantar, set du gjerde kringum, og um morgonen fær du plantningen din til å bløma; men avlingi kverv på sjukdoms-dagen, og pinsla er ulækjande.
12Høyr brusen av mange folk! Det bruser som havet. Høyr dunen av folkeslag! Det dyn som veldige vatn.
13Ja, det dyn av folkeslag som når store vatn dyn. Men han trugar dei, og dei flyr langt burt; dei vert føykte som agner for vind på fjelli og som kvervlande dumba for stormen.
14Um kvelden, sjå då er det redsla, og innan morgonen lyser, er dei ikkje meir til. Soleis gjeng det dei som plundrar oss, dette er luten åt dei som ranar hjå oss.