1Send landsherren dei lamb han skal hava, frå Sela igjenom øydemarki til fjellet åt Sions dotter!
2Som flaksande fuglar, som fuglungar, skræmde or reiret, skal Moabs døtter vera attmed vadi yver Arnon.
3Gjev råd, finn utveg åt oss! Lat skuggen din vera som natti, no midt på ljose dagen! Gjev livd åt dei burtdrivne, svik ikkje dei som flyr!
4Lat mine burtdrivne born finna tilhald hjå deg! Ver ei livd for Moab i mot tynaren! For det er ute med valdsmannen, øydeleggjingi fær ende, og trælkarane fer or landet.
5Då skal kongsstolen verta grunnfest ved mildskap, og ein konge skal sitja trygt på han i Davids tjeld, ein fyrste som fer etter det som rett er, og som fremjar rettferd.
6Me hev høyrt um Moabs ovstore ovmod, um hans byrgskap, ovmod og storlæte, um hans tome skryt.
7Difor skal Moab jamrar yver Moab, alle skal jamra seg; yver druvekakone i Kir-Hareset skal dei sukka i djup ørvæna.
8For Hesbons marker hev visna, og Sibma-vintreet, som med sine soldruvor slo folkehovdingane til jordi; rankane nådde radt til Jaser og villa seg ut i øydemarki; greinene breidde seg ut og for yver havet.
9Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintreet; med tårone mine vatnar eg deg, Hesbon, og deg, El'ale! For yver din frukthaust og din vinhaust slær fagnadrop ned.
10Gleda og fagnad kverv or aldehagane, og i vingardane høyrest ikkje gledesongar eller fagnadrop; ingen trakkar druvor i persone; fagnadropet let eg tagna.
11Difor bivrar mitt brjost for Moab som citarstrenger, og mitt hjarta for Kir-Heres.
12Og når Moab viser seg på offerhaugen og møder seg ut der, og han gjeng til heilagdomen sin og bed, so vinn han inkje med det.
13Dette er det ordet som Herren fordom tala mot Moab.
14Men no talar Herren so: Innan tri år - so som ein leigekar reknar åri - skal Moabs herlegdom vera lite vyrd, endå der er so mykje folk, og leivningen som er att, skal vera liten og vesal, ikkje mykje verd.