1Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på; ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.
2Dei stig upp til huset og til Dibon på offerhaugane og vil gråta; på Nebo og på Medeba skal Moab jamra seg; kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka.
3På gatone sveiper dei sekk um seg; på tak og på torg skal alle jamra og lata tårone fløyma.
4Hesbon og El'ale klagar høgmælt, so det høyrest radt til Jahas. Difor jamrar og hermennene åt Moab seg, Moabs sjel skjelv.
5Hjarta mitt klagar yver Moab, rømingane hans flyr radt til Soar, triårskviga; for gråtande gjeng dei uppetter bakken til Luhit, og på vegen til Horona'im jamrar dei høgt yver øydeleggjingi.
6Nimrimsvatni vert øydemarker; graset turkast upp, brodden visnar, eit grønt strå er ikkje meir å sjå.
7Difor ber dei det som dei hev drege saman, sitt uppsparde gods, yver Vierbekken.
8Ja, klageropi gjeng yver alt Moabs land; til Egla'im når deira våling, og til Be'er-Elim;
9for Dimonsvatni er fulle av blod. Ja, endå meir vil eg lata koma yver Dimon: ei løva yver dei som er berga av Moab, yver leivningen i landet.