Isaiah 18NO1938N

1Høyr, du land med dei surrande venger, du land burtanfor elvane i Etiopia,

2du som sender bodberarar yver havet og i røyrbåtar yver vatnet! Gakk av stad, de snøgge sendemenner, til det rakvaksne folket med glansande hud, til folket som dei ottast vida ikring, folket som stødt brukar mælesnor og trakkar ned, folket i det landet som vert gjenomskore av elvar!

3Alle de som i mannheimen byggjer og på jordi bur: Når dei reiser merke på fjelli, so sjå til, og når luren ljomar, so høyr etter!

4For so sa Herren til meg: Logn vil eg skoda ned frå min bustad når lufti er brennheit ein solskinsdag, når skyi sender dogg i den heite skurdtidi.

5For fyrr hausten er inne, når blømingi er slutt, og blomen fer til å mognast til druva, då skjer han av rankane med hageknivar, og kvistene høgg han av og hev burt.

6Dei vert alle saman gjevne åt rovfuglane på fjelli og åt villdyri i landet; um sumaren skal rovfuglane halda til der, og um vinteren alle villdyr i landet.

7I den tidi skal det berast gåver fram til Herren, allhers Gud, frå det rakvaksne folket med glansande hud, frå folket som dei ottast vida ikring, folket som stødt brukar mælesnor og trakkar ned, folket i det landet som vert gjenomskore av elvar - til den staden der namnet åt Herren, allhers Gud, bur, til Sionsfjellet.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.