Hosea 5NO1938N

1Høyr dette, de prestar, og gjev gaum, du Israels hus, og du, kongehus, legg øyra til! For dykk gjeld domen; for ei snara hev de vore på Mispa og eit utspena net på Tabor.

2Djupt hev dei falle i mange slag villferd; men eg skal tukta dei alle i hop.

3Eg kjenner Efra'im, og Israel er ikkje løynt for meg; for no hev du drive hor, Efra'im! Israel hev sulka seg til.

4Gjerningane deira let dei ikkje få venda um til deira Gud; for dei hev ei hordoms ånd i bringa si, og Herren, honom kjenner dei ikkje.

5Men Israels byrgskap skal vitna imot det beint uppi syni, og Israel og Efra'im skal stupa for si misgjerning; Juda skal og stupa med dei.

6Um dei fer av stad med sine sauer og uksar og vil søkja Herren, so finn dei han ikkje; han hev drege seg ifrå dei.

7Mot Herren hev dei vore utrue, for dei hev født born som ikkje er hans; no skal nymånen eta upp både dei og alt det dei eig.

8Blås i lur i Gibea, i trompet i Rama! Blås alarm i Bet-Aven! Fienden er etter deg, Benjamin!

9Efra'im skal verta ei audn på refsingsdagen; millom Israels ætter hev eg kunngjort det som visseleg skal henda.

10Juda-hovdingane hev vorte liksom dei som flyt merkesteinar; yver dei skal eg ausa ut vreiden min som vatn.

11Efra'im vert nedkua, krasa ved dom; for han gav seg til å fylgja menneskebod.

12Eg er som mòl for Efra'im og som ròt i beini for Judas hus.

13Då Efra'im gådde sjukdomen sin og Juda såret sitt, då for Efra'im til Assur og sende bod til kong Jareb; men han kann ikkje gjera dykk gode att, og såret dykkar vert ikkje lækt.

14For eg er som ei løva mot Efra'im og som ei ungløva mot Judas hus; sjølv riv eg sund og fer min veg; eg ber fengdi burt, og ingen kann berga.

15Eg vil ganga min veg attende til min stad, til dess dei kjennest ved si skuld og søkjer mi åsyn; i si naud skal dei leita etter meg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hosea 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.