1Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev rive sund, men han vil og lækja oss; han slo, men vil og fetla oss.
2Han skal gjera oss levande um tvo dagar; den tridje dagen skal han reisa oss upp att, og me skal leva for hans åsyn.
3So lat oss læra å kjenna Herren, lat oss leggja vinn på å læra å kjenna han! Han renn upp so visst som morgonroden, og han kjem til oss som regnet, som eit vårregn som væter jordi.
4Kva skal eg gjera med deg, Efra'im? Kva skal eg gjera med deg, Juda? For kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, lik doggi som tidleg kverv.
5Difor hev eg gjeve dei hogg ved profetane, drepe dei med ordi frå min munn, og domane yver deg for ut som ljonet.
6For eg hev hug til kjærleik og ikkje til slaktoffer, og til gudskunnskap meir enn til brennoffer.
7Men dei hev brote pakti, liksom Adam; der hev dei vore utrue mot meg.
8Gilead er ein by med illgjerningsmenner, full av blodfar.
9Og lik ein røvarflokk som ligg på lur etter folk, er heile prestehopen; dei drep på vegen til Sikem; ja, skamlaust hev dei fare åt.
10I Israels hus hev eg set gruelege ting; der driv Efra'im hor, der hev Israel sulka seg til.
11For deg og, Juda, er tiletla ei skurdonn, når eg gjer ende på mitt folks fangetid.