1Høyr Herrens ord, de Israels-born! For Herren hev sak med dei som bur i landet, av di det ingi sanning finst i landet og ingen kjærleik og ingen kjennskap til Gud.
2Dei sver og lyg, dei drep og stel og driv hor. Dei fer fram med vald, og mord fylgjer på mord.
3Difor skal landet visna, og alt som bur der, sjukna burt, både dyri på marki og fuglane i lufti; jamvel fiskane i havet skal setja til.
4Like vel må ingen skjemma på ein annan eller refsa han; for folket ditt er liksom dei som trettar med ein prest.
5Du skal stupa um dagen, og profeten skal stupa med deg um natti, og mor di skal eg tyna.
6Folket mitt gjeng til grunns av di det vantar kunnskap; etter di du hev vanda kunnskapen, vandar eg deg, so du ikkje skal vera prest for meg; du gløymde lovi åt din Gud, difor skal eg og gløyma borni dine.
7Di fleire dei vart, di meir synda dei mot meg; men deira heider skal eg snu um til vanheider.
8Mitt folks synd lever dei av, og deira misgjerning trår dei etter.
9Difor skal det ganga med presten som folket; eg skal heimsøkja han for hans åtferd og gjeva han lika for hans gjerningar.
10Dei skal eta og ikkje mettast, hora og ikkje meirast, av di dei hev slutta med å akta på Herren.
11Horeliv og vin og druvesaft tek vitet burt.
12Folket mitt spør stokken sin til råds og hentar seg rettleiding av sin stav; for ei hordoms ånd hev forvilla dei, so dei med hor dreg seg burt frå sin Gud.
13Øvst uppå nutane ofrar dei, og på haugane brenner dei røykjelse under eik og poppel og terebinta, av di skuggen der er god; so vert døtterne dykkar skjøkjor og sonekonone dykkar horkonor.
14Eg vil ikkje refsa døtterne dykkar for skjøkjelivnaden deira eller sonekonone dykkar for deira hor; for mennene sjølve løyner seg burt med horkonor og ofrar med skjøkjor. Soleis gjeng det fåvituge folket til grunns.
15Um no du, Israel, vil halda på med ditt horeliv, so må då ikkje Juda føra skuld yver seg med sovore! Gakk ikkje til Gilgal og far ikkje upp til Bet-Aven og sver ikkje: So vist som Herren lever!
16For Israel er som ei balstyri ku; men no skal Herren lata dei beita som lamb på vidåtta.
17Efra'im er bunden til avgudsbilete; so fær han då fara!
18Rusen deira er slutt; hor hev skjoldane deira drive, høgt hev dei elska det som skamleg er.
19Ein storm grip dei med vengene sine, og dei skal verta til skammar med offeri sine.