Hosea 3NO1938N

1Og Herren sa til meg: Gakk ein gong til stad og elska ei kvinna som er elska av venen sin og endå driv hor, liksom Herren elskar Israels-borni, men dei vender seg til andre gudar og elskar rosinkakor!

2Då kjøpte eg meg ei slik kvinna for femtan sylvsekel og ein homer bygg og ein letek bygg.

3Og eg sa til henne: I lang tid skal du no sitja åleine og ikkje få driva hor eller hava med nokon annan mann å gjera; og eg skal bera sameleis åt imot deg.

4For i lang tid skal Israels-borni sitja utan konge og hovding, utan offer og biletstein, utan messehakel og husgudar.

5Sidan skal Israels-borni venda um og søkja Herren sin Gud og David, kongen sin, og bivrande skal dei koma til Herren og gåvone hans i dei siste dagar.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hosea 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.