Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Ezekiel 9

:
Norwegian - NO1938N
1 So høyrde eg han ropa med høg røyst: Kom hit med heimsøkjingane yver byen, kvar med si tynar-ambod i handi!
2 Og sjå, kom seks menner vegen igjenom Øvreporten, som snur mot nord, kvar med si krasar-ambod i handi, og med dei var ein mann som hadde ein linklædnad og eit skrivestell ved lendi, og dei kom inn og vart standande attmed koparaltaret.
3 Og herlegdomen åt Israels Gud lyfte seg upp frå kjerubane, som han var yver, og flutte seg til dørstokken huset, og han ropa til mannen i linklædnaden og med skrivestellet ved lendi.
4 Og Herren sa til han: Gakk midt igjenom byen, midt igjenom Jerusalem, og set eit merke i panna dei menner som sukkar og jamrar yver alt det avstyggelege som gjeng fyre seg der.
5 Og til hine sa han so eg høyrde på: Gakk igjenom byen etter han og slå ned! Vis ikkje medynk og spar ingen!
6 Gamle folk og sveinar og møyar og småborn og kvinnor skal de hogga ned for fot; men de ikkje røra nokon av dei som hev merke seg. De skal taka til frå min heilagdom. So tok dei til med dei gamle mennene som stod framfor huset.
7 Og han sa til dei: Gjer huset ureint og fyll fyregarden med drepne menner! Far ut! Og dei for ut og slo ned folket i byen.
8 Men medan dei slo ned, og eg vart att der, kasta eg meg å gruve og ropa: Å, Herre, Herre! Vil du tyna alt som er att av Israel, med di du renner ut din harm yver Jerusalem?
9 Misgjerningi åt Israels- og Juda-lyden er ovleg stor; landet er fullt av blodskuld, og byen er full av urettvise domar; for dei segjer: Herren hev vendt seg ifrå landet, Herren ser det ikkje.
10 So vil ikkje heller eg tykkja synd i dei eller spara dei; eg vil lata åtferdi deira koma att deira eige hovud.
11 Og sjå, mannen i linklædnaden og med skrivestellet ved lendi kom attende og sa frå: Eg hev gjort som du bad meg.