Ezekiel 10NO1938N

1So fekk eg sjå at på den kvelven som var yver hovudi på kjerubane, var det eitkvart som såg ut til å vera ein safirstein, og det var på skap som ein kongsstol; ein kunde sjå han yver dei.

2Og han sa til mannen i linklædi: Gakk inn millom hjuli, inn under kjerubane, og tak nevane dine fulle med glør av dei som er millom kjerubane, og strå dei ut yver byen! Og han gjekk inn medan eg såg på det.

3Kjerubane stod på høgre sida av huset då mannen gjekk inn, og skyi fyllte den indre fyregarden.

4Og Herrens herlegdom lyfte seg frå kjerubane og flutte seg burt til dørstokken på huset; då fyllte skyi huset, og glansen av Herrens herlegdom fyllte fyregarden.

5Og ljomen av kjerubvengene høyrdest alt ut til den ytre fyregarden, som røysti åt den allmektige Gud når han talar.

6Då han no sa til mannen i linklædnaden: Tak av den elden som er millom hjuli, millom kjerubane - so gjekk han inn og stana attmed hjulet.

7Og den eine kjeruben rette ut handi si frå kjerubane burtåt elden som var millom kjerubane, og tok noko av han og la i hendene på mannen i linklædnaden; og han tok imot og gjekk ut.

8Under vengene på kjerubane kunde ein sjå eitkvart på skap som ei mannshand.

9Og eg fekk sjå at det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt hjul hjå kvar kjerub, og hjuli var sjåande til som krysolit.

10Alle fire såg plent like eins ut; det var nett som eitt hjul skulde vera inni hitt.

11Når dei gjekk, gjekk dei til alle fire sidone; dei snudde seg ikkje når dei gjekk, men i den leidi som den fremste snudde, gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

12Og heile lekamen deira og ryggen og hendene og vengene og hjuli var fullsette med augo rundt ikring - alle dei fire hjuli deira.

13Eg høyrde at hjuli vart kalla «kvervel».

14Det var fire andlet på kvar; den fyrste hadde kjerub-andlet, den andre manns-andlet, den tridje løve-andlet og den fjorde ørne-andlet.

15Og kjerubane lyfte seg; det var dei levendi som eg hadde set attmed Kebarelvi.

16Når kjerubane gjekk, so gjekk hjuli innmed dei, og når kjerubane lyfte vengene og vilde hevja seg upp frå jordi, skilde ikkje hjuli seg frå dei.

17Når kjerubane stod, so stod dei og, og når kjerubane lyfte seg, so lyfte dei seg med dei; for åndi åt levendi var i dei.

18So flutte Herrens herlegdom seg frå dørstokken på huset og vart standande yver kjerubane.

19Og eg såg korleis kjerubane lyfte vengene og steig upp frå jordi då dei gjekk ut, og hjuli innmed dei; og dei stana attmed inngangen til Øystreporten på Herrens hus, og herlegdomen åt Israels Gud var uppyver dei.

20Det var dei same levendi som eg hadde set under Israels Gud burtmed Kebarelvi, og eg skyna at det var kjerubar.

21Det var fire andlet og fire venger på kvart eitt av dei, og eitkvart på skap som mannehender under vengene deira.

22Og andleti deira liktest dei andleti eg hadde set attmed Kebarelvi; soleis såg dei ut, og soleis var dei; kvart eitt av dei gjekk beint fram.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.