Ezekiel 11NO1938N

1So lyfte eit ver meg upp og flutte meg til Øystreporten på Herrens hus, den som snur mot aust. Attmed inngangen til porten såg eg fem og tjuge menner og midt ibland dei Ja'asanja Assursson og Pelatja Benajason, som var hovdingar i folket.

2Og Herren sa til meg: Menneskeson! Der er dei mennene som tenkjer ut urett og råder til det som vondt er i denne byen,

3dei som segjer: Det ber ikkje so snart til med husbyggjingi; han er gryta, og me er kjøtet.

4Difor, spå imot dei, spå, du menneskeson!

5Då fall Herrens Ande på meg, og han sa til meg: Seg: So segjer Herren: Soleis hev de sagt, de Israels-menner, og kva som leikar dykk i hugen, det veit eg vel.

6Mykje folk hev de drepe i denne byen; de hev fyllt gatone der med drepne menner.

7Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Dei som de hev drepe og late liggja der, dei er kjøtet, og byen er gryta; men dykk skal dei føra ut or han.

8Sverd ottast de, og sverd vil eg lata koma yver dykk, segjer Herren Israels Gud.

9Eg vil føra dykk ut or byen og gjeva dykk i hendene på framande, og eg vil halda dom yver dykk.

10For sverd skal de falla; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk, og de skal sanna at eg er Herren.

11Byen skal ikkje vera ei gryta åt dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk.

12Og de skal sanna at eg er Herren, de som ikkje hev fylgt mine bod og ikkje halde mine lover; men etter lovene åt heidningfolki som bur rundt ikring dykk, hev de halde dykk.

13Medan eg heldt på og spådde, døydde Pelatja Benajason; då kasta eg meg å gruve og ropa med høg røyst: Å, Herre, Herre! Vil du reint gjera ende på det som er att av Israel?

14Då kom Herrens ord til meg, det lydde so:

15Menneskeson! Dine brør, dine brør, dine nære frendar og all Israels-lyden, heile folket, til dei er det Jerusalem-buane segjer: Haldt dykk langt burte frå Herren! Me hev fenge landet til eiga.

16Difor skal du segja: So segjer Herren, Israels Gud: Då eg førde dei langt burt imillom heidningfolki og spreidde dei i landi, då vart eg eit lite bel ein heilagdom for dei i dei landi der dei kom.

17Difor skal du segja: So segjer Herren, Israels Gud: Eg vil samla dykk i hop frå folkeslagi og sanka dykk utor landi som de er ikringspreidde i, og eg vil gjeva dykk Israels land.

18Og når dei kjem dit, skal dei hava burt or det all ufysna og styggedomen som finst der.

19Og eg vil gjeva dei eit hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inni dei; eg vil taka burt steinhjarta or deira kjøt og gjeva dei eit kjøthjarta,

20so dei skal leva etter mine bod og halda mine lover og gjera etter dei. So skal dei vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.

21Men dei som let hjarta sitt fylgja dei ufyselege og avstyggelege avgudane deira, deira åtferd vil eg lata koma att på deira eige hovud, segjer Herren, Israels Gud.

22Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjuli fylgde med, og herlegdomen åt Israels Gud var uppyver dei.

23Og Herrens herlegdom steig upp frå byen og stana på det fjellet som er austanfor byen.

24So lyfte eit ver meg upp og førde meg i syni ved Guds Ande til dei burtførde i Kaldea; og syni som eg hadde set, for upp ifrå meg.

25Og eg tala til dei burtførde alle dei ord som Herren hadde synt meg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.