1I det sette året, den femte dagen i sette månaden, medan eg sat i huset mitt, og styresmennene i Juda sat framfor meg, hende det at Herrens Israels Guds hand fall på meg der.
2Og eg fekk sjå eitkvart som var liksom eld å sjå til; frå det som var sjåande av lendene hans og nedetter, var alt liksom eld, og frå lendene og uppetter var det som ei glima å sjå til, som skinet av blank malm.
3Han rette ut eitkvart som liktest på ei hand, og tok meg i ein lokk av hovudhåret, og eit ver lyfte meg upp millom jord og himmel og førde meg til Jerusalem i syner frå Gud, dit der ein gjeng inn i den indre fyregarden gjenom den porten som snur mot nord, der som harmings-biletet stod, det som harma Gud.
4Og der såg eg herlegdomen åt Israels Gud, liksom i den syni eg hadde set i dalen.
5Og han sa til meg: Menneskeson, lyft augo dine nordetter! Som eg no lyfte augo nordetter, fekk eg sjå harmings-biletet nordanfor altarporten attmed inngangen.
6Og han sa til meg: Menneskeson, ser du kva dei gjer? Stor styggedom er det Israels hus fer med her, so og lyt fara langt burt ifrå heilagdomen min; men du skal få sjå endå meir av stor styggedom.
7So førde han meg burtåt inngangen til fyregarden, og der fekk eg sjå eit hol i veggen.
8Og han sa til meg: Menneskeson, brjot deg igjenom veggen! Då eg so braut meg igjenom veggen, fekk eg sjå ei dør.
9Og han sa til meg: Gakk inn og sjå den fæle styggedomen som dei fer med der!
10Då eg kom inn, fekk eg sjå all slag bilete av styggelege krek og firføtingar og alle dei ufysne avgudane åt Israels-lyden, innrita på veggen rundt ikring.
11Og framfor dei stod sytti mann av styresmennene i Israels-lyden, og Ja'asanja Safansson stod midt imillom dei; kvar og ein av dei hadde ei røykjelsesskål i handi, og det steig upp ange av røykjelseskyi.
12So sa han til meg: Hev du set, menneskeson, kva styresmennene i Israels-lyden fer med i myrkret, kvar i sine bilet-rom? For dei segjer: Herren ser oss ikkje, Herren hev vendt seg ifrå landet.
13Og han sa til meg: Du skal få sjå endå meir av stor styggedom som dei fer med.
14So førde han meg burtåt inngangen til porten på Herrens hus, den porten som snur mot nord, og sjå, der sat kvinnone og gret for Tammus.
15Og han sa til meg: Hev du set det, menneskeson? Du skal få sjå endå meir styggedom, større enn denne.
16Og han førde meg inn i den indre fyregarden til Herrens hus, og sjå, attmed inngangen til Herrens tempel, millom forhalli og altaret, var det ikring fem og tjuge menner som snudde ryggen til Herrens tempel og andleti mot aust, og dei lutte seg austetter og bad til soli.
17Og han sa til meg: Hev du set det menneskeson? Kunde ikkje Juda-lyden nøgja seg med å gjera all styggedomen dei her hev gjort, sidan dei og hev fyllt landet med vald og atter harma meg upp? Sjå kor dei no held kvisten upp for nosi.
18So vil då eg og lata vreiden min råda; eg vil ikkje tykkja synd i dei og ikkje spara dei; og um dei ropar aldri so høgt for øyro mine, so vil eg ikkje høyra dei.