1Når de lutar ut landet til odel, skal de gjeva ei reida til Herren, ein heilag lut av landet, fem og tjuge tusund stenger på lengdi og ti tusund på breiddi; det skal vera heilagt i all si vidd rundt ikring.
2Av det skal ein taka åt heilagdomen fem hundrad stenger på lengd og fem hundrad på breidd, i ein firkant rundt ikring, og femti alner til utmark åt han rundt ikring.
3Soleis skal du etter dette målet mæla fem og tjuge tusund stenger på lengdi og ti tusund på breiddi; og der skal heilagdomen, det høgheilage, vera.
4Det er ein heilag lut av landet, prestane skal hava han, dei som gjer tenesta i heilagdomen, som fær stiga fram og tena Herren, og det skal vera til hustufter åt dei og ein heilag stad åt heilagdomen.
5Og fem og tjuge tusund stenger på lengdi og ti tusund på breiddi skal høyra levitane til, dei som gjer tenesta i huset; dei skal hava tjuge gardar til eiga.
6Og til eiga åt byen skal de gjeva fem tusund stenger på breiddi og fem og tjuge tusund på lengdi, jamsides med heilagdoms-luten; det skal høyra heile Israels-lyden til.
7Og fyrsten skal hava sin lut på båe sidone åt heilagdoms-luten og by-eigedomen, frammed heilagdoms-luten og by-eigedomen, noko på vestsida, mot vest, og noko på austsida, mot aust, og han skal vera jamlang med ein av ætte-lutene frå vestgrensa til austgrensa.
8Dette skal han hava til sitt land, til si eiga i Israel, og fyrstane mine skal aldri meir vera harde med folket mitt, men lata Israels-lyden hava landet som det vert etla åt ættene.
9So segjer Herren, Israels Gud: No lyt det vera nok, de fyrstar i Israel! Få burt vald og trælking og gjer rett og rettferd, haldt upp med å driva folket mitt frå gard og grunn, segjer Herren, Israels Gud.
10Rett vekt og rett efa og rett bat skal de hava.
11Ein efa og ein bat skal vera like store, so ein bat er tiandeparten av ein homer, og ein efa tiandeparten av ein homer; etter homeren skal deira mål retta seg.
12Ein sekel skal vera tjuge gera; ei mina skal hjå dykk vera tjuge sekel, fem og tjuge sekel, femtan sekel.
13Dette er den reida de skal gjeva: setteparten av ein efa av kvar homer kveite, og like eins skal de gjeva setteparten av ein efa av kvar homer bygg.
14Og den visse reida av olje, av ein bat olje, er tiandeparten av ein bat av kvar kor - det gjeng ti bat på ein homer; for ein homer er ti bat -
15og av småfeet eitt lamb av tvo hundrad frå det vassrike beitelandet i Israel til matoffer og til brennoffer og takkoffer, til å gjera soning for dei, segjer Herren, Israels Gud.
16All landslyden skal vera skyldig til å leggja denne reida til fyrsten i Israel.
17Men fyrsten skal hava den skyldnaden å leggja til brennofferi og matofferet og drykkofferet i helgane og på nymåne-dagane og sabbatane, på alle høgtidene åt Israels-lyden; han skal greida med syndofferet og matofferet og brennofferet og takkofferi til å gjera soning for Israels-lyden.
18So segjer Herren, Israels Gud: Den fyrste dagen i fyrste månaden skal du taka ein lytelaus ungukse og reinsa heilagdomen frå synd.
19Presten skal taka noko av syndofferblodet og strjuka på dørskiene i huset og på dei fire hyrno på altarskori og på dørskiene i porten åt den indre fyregarden.
20Like eins skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som hev synda uviljande eller av fåkunna; soleis skal de gjera soning for huset.
21Den fjortande dagen i fyrste månaden skal de halda påskehelg; i den helgi skal de eta usyrt brød i sju dagar.
22Den dagen skal fyrsten ofra ein ukse til syndoffer for seg og for heile landslyden.
23Og dei sju høgtidsdagane skal han ofra åt Herren eit brennoffer, sju lytelause uksar og sju lytelause verar kvar dag i dei sju dagane, og til syndoffer ein bukk kvar dag.
24Til matoffer skal han ofra ein efa attåt kvar ukse og ein efa attåt kvar ver og ein hin olje attåt kvar efa.
25Den femtande dagen i sjuande månaden, på høgtidi, skal han ofra same slag offer i sju dagar, både syndofferet og brennofferet, både matofferet og oljen.