Ezekiel 46NO1938N

1So segjer Herren, Israels Gud: Porten åt den indre fyregarden, den som snur i aust, skal vera stengd dei seks vyrkedagane, men på sabbatsdagen skal han vera open, og like eins på nymåne-dagen.

2Då skal fyrsten ganga inn gjenom port-forhalli utanfrå og stana attmed port-dørskii; prestane skal ofra brennofferet hans og takkofferi hans, og han skal tilbeda på port-dørstokken og sidan ganga ut att; men porten skal ikkje stengjast fyrr um kvelden.

3Og landslyden skal tilbeda på sabbatane og nymåne-dagane for Herrens åsyn attmed inngangen til den same porten.

4Brennofferet som fyrsten skal ofra til Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lytelause lamb og ein lytelaus ver,

5og til matoffer ein efa attåt veren, men attåt lambi slikt matoffer som han sjølv vil gjeva, og ein hin olje attåt kvar efa.

6Og på nymåne-dagen ein lytelaus ungukse og seks lamb og ein ver; lytelause skal dei vera.

7Til matoffer skal han ofra ein efa attåt uksen og ein efa attåt veren, og attåt lambi so mykje som han hev råd til, og ein hin olje attåt kvar efa.

8Når fyrsten gjeng inn, skal han ganga gjenom port-forhalli, og same vegen skal han ganga ut att.

9Men når landslyden gjeng inn for Herrens åsyn på høgtidene, då skal den som gjeng inn igjenom nordporten og vil tilbeda, ganga ut att gjenom sudporten, og den som gjeng inn gjenom sudporten, ganga ut gjenom nordporten; han skal ikkje snu og ganga ut att gjenom same porten som han gjekk inn igjenom, men dei skal ganga ut beint fram.

10Fyrsten skal ganga inn saman med hine, når dei gjeng inn; og når dei gjeng ut, skal dei ganga ut saman.

11I helgane og høgtidene skal matofferet vera ein efa attåt kvar ukse og ein efa attåt kvar ver, men attåt lambi so mykje som han sjølv vil gjeva, og ein hin olje attåt kvar efa.

12Når fyrsten vil ofra eit friviljugt offer - eit brennoffer eller takkoffer til friviljugt offer åt Herren, då skal dei lata upp åt han den porten som snur i aust, og han skal ofra brennofferet sitt og takkofferi sine like eins som han gjer på sabbatsdagen. So skal han ganga ut att, og når han er utgjengen, skal porten stengjast.

13Til brennoffer åt Herren skal du dagstødt ofra eit årsgamalt lytelaust lamb; kvar morgon skal du ofra det.

14Og til matoffer attåt skal du kvar morgon ofra setteparten av ein efa og tridjeparten av ein hin olje til å væta mjølet med; det er eit matoffer åt Herren - fyresegner som skal gjelda æveleg, for alle tider.

15Soleis skal dei ofra lambet og matofferet og oljen kvar morgon; det skal vera eit stendigt brennoffer.

16So segjer Herren, Israels Gud: Når fyrsten gjev einkvan av sønene sine ei gåva, so er det odelen hans; sønene hans skal hava det, dei fær det til odel og eiga.

17Men når han gjev einkvan av tenarane sine noko av odelen sin til gåva, so skal det vera hans til fridomsåret, men då skal fyrsten få det att; berre sønene hans skal eiga odelen hans.

18Fyrsten må ikkje taka odelsjord frå folket, so han driv dei burt frå eiga deira; av si eigi eiga skal han lata sønene sine erva, so ikkje folket mitt vert spreidt med di dei misser kvar si eiga.

19So førde han meg gjenom den inngangen som var attmed porten, til dei heilage kovane som var etla prestane, og som snudde i nord; og sjå, der var det eit rom lengst burte mot vest.

20Og han sa til meg: Dette er den staden der prestane skal koka skuldofferet og syndofferet, og der dei skal baka matofferet, so dei ikkje skal turva bera det ut i den ytre fyregarden og på den måten helga folket.

21So let han meg ganga ut i den ytre fyregarden, og førde meg ikring til dei fire hyrno på fyregarden; og sjå, i kvart hyrna på fyregarden var det eit tun.

22I dei fire hyrno på fyregarden var dei inngjerde, desse tuni; fyrti alner lange og tretti alner breide var dei; desse fire tuni i hyrno hadde same målet.

23Det gjekk ein murgard rundt ikring inni dei, rundt ikring i alle fire, og det var gjort gruvor til å koka i nedantil med murgarden rundt ikring.

24Og han sa til meg: Dette er kokehusi der tenarane i huset skal koka slaktofferi åt folket.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 46.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.