1So førde han meg attende til den ytre porten åt heilagdomen, den som snudde i aust; han var stengd.
2Og Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd og ikkje verta opna, og ingen skal ganga inn igjenom han; for Herren, Israels Gud, hev gjenge inn igjenom han, difor skal han vera stengd.
3Men fyrsten skal hava lov til å sitja der og halda måltid for Herrens åsyn; for han er fyrste. Han skal ganga inn igjenom forhalli i porten, og same vegen skal han ganga ut att.
4So førde han meg gjenom nordporten til plassen framanfor huset, og eg såg, og sjå, Herrens herlegdom fyllte Herrens hus, og eg kasta meg å gruve.
5Då sa Herren til meg: Menneskeson, gjev akt på og sjå med augo dine og høyr med øyro dine alt det eg segjer deg um alle fyresegnene og lovene um Herrens hus, og ansa vel på inngangen til huset og alle utgangane frå heilagdomen.
6Og seg til dei trassige, til Israels-lyden: So segjer Herren, Israels Gud: No lyt det vera nok med all styggedomen dykkar, du Israels-lyd,
7at de let framande med u-umskore hjarta og u-umskore kjøt koma inn i heilagdomen min og vera der, so huset mitt vart vanhelga, medan de bar fram maten min, feitt og blod, og soleis braut pakti mi - attåt alt det avstyggelege som de elles gjorde.
8De greidde ikkje sjølve med tenesta i heilagdomane mine, men de sette andre i staden for dykk til å gjera tenesta i heilagdomen min.
9So segjer Herren, Israels Gud: Ingen framand med u-umskore hjarta og u-umskore kjøt skal koma inn i min heilagdom, ingen av alle dei framande som bur millom Israels-borni.
10Ja, jamvel dei levitane som gjekk burt frå meg då Israel for vilt og villa seg burt ifrå meg og fylgde dei ufysne avgudane sine, dei skal bøta for si misgjerning.
11Dei skal vera tenarar i heilagdomen min, vaktarar ved portane og tenarar i huset; dei skal slakta brennofferet og slaktofferet åt folket, og dei skal standa for deira åsyn og ganga dei til handa.
12For di dei gjekk dei til handa framfor dei ufysne avgudane deira og var ein støytestein til misgjerning for Israels-lyden, difor hev eg lyft mi hand imot dei, segjer Herren, Israels Gud, og dei skal bøta for si misgjerning.
13Dei skal ikkje koma nær innåt meg til å gjera prestetenesta framfor meg eller til å koma nær noko av alle mine heilage ting - dei høgheilage tingi; men dei skal bera skammi si og dei avstyggelege syndene som dei hev gjort.
14Eg vil setja dei til å greida med tenesta i huset, med alt tenar-arbeidet der og alt som der er å gjera.
15Men levit-prestane, Sadoks-sønene, som greidde med tenesta i heilagdomen min då Israels-borni villa seg burt ifrå meg, dei skal få stiga innåt meg og tena meg, og dei skal standa for mi åsyn og bera fram for meg feitt og blod, segjer Herren, Israels Gud.
16Dei skal ganga inn i min heilagdom og stiga fram åt mitt bord og tena meg, og dei skal greida med det som eg vil dei skal greida med.
17Når dei då kjem inn i portane åt den indre fyregarden, skal dei klæda seg i linklæde; det må ikkje koma ullan på dei når dei gjer tenesta i portane åt den indre fyregarden eller inni huset.
18Linhuvor skal dei hava på hovudet og linbrøker um lendene; dei skal ikkje hava på seg noko som valdar sveite.
19Og når dei gjeng ut i den ytre fyregarden, til folket i den ytre fyregarden, skal dei hava av seg dei klædi som dei hev gjort tenesta i, og leggja dei ned i dei heilage kovane; so skal dei taka på seg andre klæde, so dei ikkje gjer folket heilagt med klædi sine.
20Dei skal ikkje raka hovudet, men ikkje heller lata håret veksa som det vil; dei skal klyppa håret sitt.
21Vin skal ingen av prestane drikka når dei gjeng inn i den indre fyregarden.
22Ei enkja eller ei kvinna som mannen hev skilt seg frå, skal dei ikkje taka til kona, men berre møyar av Israels-lyden; men dei kann taka ei enkja som er enkja etter ein prest.
23Dei skal læra folket mitt å skilja millom heilagt og vanheilagt og syna dei skilnaden på ureint og reint.
24I rettssaker skal dei standa fram og døma, etter mine fyresegner skal dei døma i dei; mine lover og bod skal dei halda på alle mine høgtider, og sabbatane mine skal dei halda heilage.
25Ingen av dei må ganga inn til eit lik, so han vert urein; einast når det gjeld far eller mor eller son eller dotter eller bror eller ei syster som ikkje hev havt mann, kann dei gjera seg ureine soleis.
26Når han so er rein att, skal dei telja sju dagar for han;
27og den dagen han gjeng inn i heilagdomen, i den indre fyregarden, og skal gjera tenesta i heilagdomen, skal han ofra syndofferet sitt, segjer Herren, Israels Gud.
28Det skal vera arvluten deira at eg er deira arv. Og nokor eiga skal de ikkje gjeva dei i Israel; eg er deira eiga.
29Matofferet og syndofferet og skuldofferet skal de eta, og alt som er bannlyst i Israel, skal høyra dei til.
30Det aller fyrste av allslags grøda og alle offergåvor av alle slag, kva for offergåva det so er, skal høyra prestane til, og det fyrste av deigen dykkar skal de gjeva presten, so velsigning må koma yver huset ditt.
31Noko sjølvdaudt eller ihelrive av fugl eller fe må ikkje prestane eta.