Ezekiel 43NO1938N

1So førde han meg til porten, den porten som snudde i aust.

2Og sjå, herlegdomen åt Israels Gud kom austantil, og ljomen av han var som ljomen av store vatn, og jordi skein av herlegdomen hans.

3Den syni som eg såg, var like eins som den syni eg hadde set då eg kom og skulde leggja byen i øyde, og synene var som den syni eg hadde set burtmed Kebarelvi. Då kasta eg meg å gruve.

4Og Herrens herlegdom for inn i huset gjenom den porten som snudde i aust.

5Og Anden lyfte meg upp og førde meg inn i den indre fyregarden, og sjå, Herrens herlegdom fyllte huset.

6Og eg høyrde einkvan tala til meg utor huset, medan ein mann stod attmed meg,

7og han sa til meg: Menneskeson! Dette er den staden der kongsstolen min er, den staden der føtene mine skal standa, og der vil eg bu hjå Israels-borni til æveleg tid. Israels-lyden skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, med horelivnaden sin og med liki av kongane sine og med offerhaugane sine,

8so som dei gjorde då dei sette dørstokken sin attmed min dørstokk og dørskiene sine attmed mine dørskier, so det berre var veggen millom meg og dei, og gjorde mitt heilage namn ureint med styggedomen som dei for med, so eg laut tyna dei i min vreide.

9No skal dei hava horelivnaden sin og liki av kongane sine langt burt ifrå meg, og då vil eg bu hjå dei til æveleg tid.

10Du menneskeson, tala til Israels-lyden um dette huset, so dei må blygjast for misgjerningane sine og mæla den vel tilmåta bygnaden.

11Og når dei blygjest for alt det dei hev gjort, so skal du kunngjera for dei skapnaden på huset og skipnaden i det, utgangane og inngangane, skapnaden på alt og alle fyresegnene um det - heile skapnaden på det og alle lovene um det, og skriv det upp for augo deira, so dei må akta på heile skapnaden på huset og alle fyresegnene um det og gjera etter dei.

12Dette er lovi um huset: På toppen av fjellet skal heile umkverven kringum det vera høgheilag. Sjå, dette er lovi um huset.

13Og dette er måli på altaret i alnetal - kvar aln ei handbreidd lengre enn ei vanleg aln: Det skal vera eit fotstykke, ei aln høgt og ei aln breidt, og kantlisti på kanten av det skal vera ei spann breid rundt ikring; dette er underlaget åt altaret.

14Frå fotstykket på jordi uppåt den nedste skori skal det vera tvo alner, og breiddi skal vera ei aln; og frå den litle skori uppåt den store skori skal det vera fire alner, og breiddi skal vera ei aln.

15Har'el skal vera fire alner, og frå Ariel skal dei fire horni stinga upp.

16Ariel skal vera tolv alner lang og tolv alner breid, firkanta med fire jamlange sidor.

17Skori skal vera fjortan alner lang og fjortan alner breid, med fire jamlange sidor, og kantlisti kringum henne skal vera ei halv aln, og fotstykket ei aln rundt ikring, og troppene skal snu i aust.

18Og han sa til meg: Menneskeson! So segjer Herren, Israels Gud: Dette er fyresegnene um altaret den dagen det vert gjort, so ein kann ofra brennoffer og skvetta blod på det.

19Du skal gjeva levit-prestane, dei som er av Sadoks-ætti, og som stig framfor meg og tener meg, ein ungukse til syndoffer, segjer Herren, Israels Gud.

20Og du skal taka noko av blodet hans og strjuka på dei fire altarhorni og på dei fire skorhyrno og på kantlisti rundt ikring; soleis skal du reinsa det frå synd og gjera soning for det.

21So skal du taka syndofferuksen, og han skal dei brenna på den fastsette staden i huset, utanfor heilagdomen.

22Andre dagen skal du ofra ein lytelaus bukk til syndoffer, og dei skal reinsa altaret frå synd, like eins som dei reinsa det med uksen.

23Når du hev gjort frå deg reinsingi, skal du ofra ein lytelaus ungukse og ein lytelaus ver or saueflokken.

24Du skal leida dei fram for Herrens åsyn, og prestane skal strå salt på dei og ofra dei til brennoffer åt Herren!

25I sju dagar skal du ofra ein bukk til syndoffer kvar dag, og ein ungukse og ein ver or saueflokken, båe lytelause, skal dei ofra.

26I sju dagar skal dei gjera soning for altaret og reinsa det og vigja det.

27Når desse dagane er lidne, skal prestane åttande dagen og alltid sidan ofra brennofferi og takkofferi dykkar på altaret, og då vil eg hava hugnad i dykk, segjer Herren, Israels Gud.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 43.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.