Ezekiel 42NO1938N

1So førde han meg ut i den ytre fyregarden den vegen som gjekk nordetter, og sidan førde han meg til dei kovane som låg midt framfor det fråskilde tunet og beint imot bygnaden i nord,

2til langsida, som var på hundrad alner, med inngang i nord, men breiddi var femti alner.

3Ut imot det tjuge alner breide stykket av den indre fyregarden og ut imot steingolvet i den ytre fyregarden var det sval mot sval i tri høgder.

4Framanfor kovane var det ein ti alner breid gang innetter, ein veg på ei aln, og dørene deira snudde i nord.

5Dei øvste kovane var mindre enn hine; for svalene tok burt meir rom frå dei enn frå dei nedste og dei millomste i bygnaden;

6for dei låg i tri høgder, men hadde ikkje sulor, so som fyregardane hadde; difor vart det mindre rom i dei øvste kovane enn i dei nedste og millomste, frå jordi og uppetter.

7Ein mur som var utanfor, frammed kovane, imot den ytre fyregarden, gjekk framanfor kovane; han var femti alner lang.

8For lengdi på dei kovane som låg imot den ytre fyregarden, var femti alner, men mot templet hundrad alner.

9Nedunder desse kovane var inngangen frå aust, når ein gjekk inn i dei frå den ytre fyregarden.

10Der som fyregards-muren mot aust var på det breidaste, framanfor det fråskilde tunet og framanfor bygnaden, låg det og kovar,

11og framanfor dei gjekk det ein veg; dei såg ut som dei kovane som låg mot nord; dei var like lange og like breide som dei, alle utgangar og tilskipnader elles hadde dei like eins som dei, og som dørene på dei,

12so var og dørene på dei kovane som låg mot sud; det var ei dør der som vegen tok til, vegen frammed den muren som høyrde til, vegen austetter, der ein gjekk inn til dei.

13So sa han til meg: Kovane mot nord og kovane mot sud, som ligg ut imot det fråskilde tunet, dei er heilage kovar, der prestane, som stig fram for Herren, skal eta det høgheilage; der skal dei leggja det høgheilage, både matofferet og syndofferet og skuldofferet; for det er ein heilag stad.

14Når prestane gjeng inn, skal dei ikkje ganga ut att or heilagdomen og ut i den ytre fyregarden, men der skal dei leggja av seg klædi som dei gjer tenesta i; for dei er heilage; dei skal taka på seg andre klæde, og so kann dei ganga dit der folket lyt vera.

15Då han hadde gjort mælingi frå seg i det indre huset, førde han meg ut gjenom den porten som hadde framsida mot aust; og der mælte han rundt ikring.

16Han mælte austsida med mælestongi: ho var fem hundrad stenger etter mælestongi rundt ikring.

17Han mælte nordsida: ho var fem hundrad stenger etter mælestongi rundt ikring.

18Sudsida og mælte han: ho var fem hundrad stenger etter mælestongi.

19So gjekk han ikring til vestsida og mælte fem hundrad stenger etter mælestongi.

20På alle fire sidor mælte han det; det hadde ein mur rundt, fem hundrad stenger lang og fem hundrad breid, til å skilja det heilage frå det som ikkje var heilagt.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 42.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.