Ezekiel 36NO1938N

1Og du menneskeson, spå um Israelsfjelli og seg: Høyr Herrens ord, de Israelsfjell!

2So segjer Herren Israels Gud: For di fienden ropa: Hå, hå! yver dykk og sa: Dei ævelege haugar hev vorte vår eiga,

3difor skal du spå og segja: So segjer Herren, Israels Gud: For di, ja for di dei avøyder dykk og glefser etter dykk frå alle leider, so hine folki kann eigna dykk til seg, og for di dei hev kome på folketunga og hev fenge eit låkt ord på dykk ibland folk,

4difor, de Israelsfjell, høyr ordet frå Herren, Israels Gud! So segjer Herren, Israels Gud, til fjelli og haugane, til bekkene og dalane og til røysane på dei aude tuftene og til dei folketome byane, som hev vorte til ran og til spott for hine folki, som bur rundt ikring,

5difor segjer Herren, Israels Gud, so: Sanneleg i min brennande harm hev eg tala mot hine folki og mot heile Edom, som hev etla seg landet mitt til eiga med hjartans gleda og med vanvyrdnad i si sjel, so dei kunde driva ut dei som bur der, og herja det;

6difor skal du spå um Israelslandet og segja til fjelli og til haugane, til bekkene og dalane: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå eg hev tala i min brennhug og min harm: For di de hev lote tola hæding frå heidningfolki,

7difor segjer Herren Israels Gud, so: Eg hev lyft mi hand i veret og svore: Sanneleg, folket som bur rundt ikring dykk, skal sjølv tola hæding.

8Men de, Israelsfjell, skal dykkar greiner og bera dykkar frukt åt mitt folk Israel; for snart skal de koma heim att.

9For sjå, eg kjem til dykk, eg skal snu meg til dykk, og de skal verta dyrka og sådde.

10Eg vil føra ei mengd med menneske upp på dykk, heile Israels-lyden, og i byane skal der atter bu folk, og øydestadene skal verta bygde i nyo.

11Eg vil gjera dykk rike på folk og fe, og dei skal aukast og verta rike på avkjøme; eg vil gjeva dykk folkerike bygder som fyrr i tidi og gjera dykk endå meir godt i dykkar fyrste tid; og de skal sanna at eg er Herren.

12Eg vil lata menneske, mitt folk Israel, ferdast på dykk; dei skal taka deg til eiga, og du skal vera deira odel; og du skal aldri meir gjera dei barnlause.

13So segjer Herren, Israels Gud: For di dei segjer til deg: Ein mannetar er du, og barnlaus hev du gjort dine folk,

14difor skal du aldri meir eta menneske og aldri meir få folki dine til å snåva, segjer Herren, Israels Gud.

15Og aldri meir let eg deg høyra hæding frå folki, og vanvyrdnad frå folkeslagi skal du aldri meir turva tola, og dine eigne folk skal du aldri meir få til å snåva, segjer Herren Israels Gud.

16Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

17Menneskeson! Israels-lyden budde i landet sitt, og dei sulka det med si åtferd og sine verk; som ureinskapen hjå kvinna når ho hev sine tider, so var deira åtferd for mi åsyn.

18Då rende eg ut min harm yver dei for det blodet som dei hadde rent ut yver landet, og for di dei hadde sulka det med dei ufysne avgudane sine.

19Eg spreidde dei millom folki, og dei vart strådde ikring i landi; etter deira åtferd og verk dømde eg dei.

20Men kva for folk dei so kom til, vanhelga dei mitt heilage namn, med di det vart sagt um dei: Dette er Herrens folk, men endå laut dei fara ut or landet hans!

21Då gjorde det meg ilt for mitt heilage namn, som Israels-lyden hadde vanhelga millom dei folki som dei kom til.

22Difor skal du segja til Israels-lyden: So segjer Herren, Israels Gud: Ikkje for dykkar skuld, du Israels-lyd, gjer eg det, men for mitt heilage namn skuld, som de hev vanhelga millom dei folki som dei kom til.

23Eg vil helga mitt store namn som hev vorte vanhelga millom folki med di hev vanhelga millom det ibland dei; og folki skal sanna at eg er Herren segjer Herren, Israels Gud, når eg syner min heilagdom på dykk og for dykkar augo.

24Eg vil henta dykk frå folki og sanka dykk ut or alle landi og flytja dykk til dykkar eige land.

25Då vil eg skvetta reint vatn på dykk, so de vert reine; frå all dykkar ureinska og frå alle dykkar ufysne avgudar vil eg reinsa dykk.

26Eg vil gjeva dykk eit nytt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inni dykk, og eg vil taka burt steinhjarta or dykkar kjøt og gjeva dykk eit kjøthjarta.

27Min Ande vil eg gjeva inni dykk, og eg vil få dykk til å leva etter mine bod og å halda lovene mine og gjera etter dei.

28De skal bu i det landet som eg gav federne dykkar, og de skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.

29Eg vil fria dykk frå all dykkar ureinska, og eg vil kalla på kornet og gjera det follrikt og ikkje lata svolt og naud koma på dykk.

30Eg vil mangfalda frukti på trei og grøda på marki, so de ikkje lenger skal taka imot hæding frå heidningfolki for svolt.

31Då skal de minnast dykkar vonde åtferd og dykkar verk, som ikkje var gode, og de skal styggjast ved dykk sjølve for misgjerningane og styggedomen dykkar.

32Ikkje for dykkar skuld gjer eg det, segjer Herren, Israels Gud, det skal de vita! De må blygjast og skjemmast av åtferdi dykkar, du Israels-lyd!

33So segjer Herren, Israels Gud: Den dagen eg reinsar dykk frå alle dykkar misgjerningar, vil eg lata det bu folk att i byane, og husi som ligg i røysar, skal verta uppatt-bygde,

34og landet som var lagt i øyde, skal verta dyrka i staden for at det var ei audn for augo på kvar mann som gjekk framum.

35Då skal dei segja: Dette landet som var lagt i øyde, hev vorte som Eden-hagen, og byane som var herja og øydelagde og nedrivne, dei bur det no folk i, og dei hev fenge murar.

36Og dei folki som vert att rundt ikring dykk, skal sanna at eg, Herren, hev bygt upp att det som vart nedrive, og planta det i det aude landet. Eg, Herren, hev sagt det, og eg skal setja det i verk.

37So segjer Herren, Israels Gud: I dette og vil eg bønhøyra Israels-lyden, so eg gjer det for dei: Eg vil gjera det so folkerikt der at dei vert som ein saueflokk;

38som ein heilag saueflokk, som saueflokken i Jerusalem i høgtidene, soleis skal dei manneflokkane vera som fyller dei aude byane; og dei skal sanna at eg er Herren.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 36.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.