1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2Menneskeson, vend andletet mot Se'irfjellet og spå mot det!
3Seg til det: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå eg kjem yver deg, du Se'irfjell, og retter ut handi mot deg og gjer deg audt og øyde.
4Byane dine vil eg gjera til grushaugar, og du sjølv skal verta ei audn; og du skal sanna at eg er Herren.
5For di du ber på ein æveleg fiendskap og lét Israels-borni koma under sverds-egg - i deira usæletid, då den misgjerningi vart fullførd som førde til undergang,
6difor, so visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud, vil eg gjera det til blod, og blod skal søkja etter deg; for di du ikkje hev hata blod, skal blod søkja etter deg.
7Eg vil gjera Se'irfjellet audt og øyde og rydja ut or det alle som kjem og fer.
8Eg vil fylla fjelli der med drepne menner; på dine haugar og i dine dalar og i alle dine bekker skal det falla menner som er drepne med sverd.
9Til ævelege audner vil eg gjera deg, og byane dine skal aldri meir verta bustader; og de skal sanna at eg er Herren
10For di du sa: Båe folki og båe landi skal verta mine, og me vil taka dei til eiga, endå Herren hev vore der,
11difor vil eg, so visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud, gjera med deg etter den vreide og ovund som du hev synt i ditt hat imot dei, og eg skal verta kjend hjå dei når eg dømer deg.
12Og du skal sanna at eg, Herren hev høyrt alle hædingsordi som du hev tala mot Israelsfjelli, då du sa: Dei er lagde i øyde, me hev lenge fenge dei til mat.
13De bruka munnen mot meg i ovmod og let falla mange ord imot meg; eg hev nok høyrt det.
14So segjer Herren, Israels Gud: Medan all jordi fagnar seg, vil eg leggja deg i øyde.
15Som du fagna deg av di arven åt Israels-lyden vart øydelagd, so vil eg gjera med deg; ei audn skal Se'irfjellet verta, og heile, heile Edom med, og dei skal sanna at eg er Herren.