1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2Menneskeson, spå mot Israels hyrdingar, spå og seg til dei, til hyrdingane: So segjer Herren, Israels Gud: Usæle Israels hyrdingar, som røktar seg sjølve! Er det ikkje hjordi hyrdingen skal røkta?
3Feita et de, og med ulli klæder de dykk, det gjødde slaktar de; hjordi røktar de ikkje.
4Det veike hev de ikkje styrkt, det sjuke hev de ikkje lækt, det sundbrotne hev de ikkje bunde um, det burtdrivne hev de ikkje sanka, og det burtkomne hev de ikkje leita upp, men de hev fare hardt fram mot dei og med vald.
5So vart dei spreidde, av di dei var hyrdinglause; dei vart til føda for alle villdyr på marki, og spreidde vart dei.
6Forvilla fer sauene mine på alle fjell og på kvar ein høg haug; utyver alt landet er sauene mine spreidde, og ingen spør etter dei, og ingen leitar.
7Høyr difor Herrens ord, de hyrdingar!
8So visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud: Sanneleg, etter di sauene mine hev vorte til eit ran, og dei hev vorte til føda for alle villdyr på marki, av di dei var hyrdinglause, og hyrdingane mine ikkje spurde etter sauene mine, men hyrdingane røkta seg sjølve og ikkje røkta sauene mine -
9difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord:
10So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg kjem yver hyrdingane og vil krevja sauene mine av deira hand og taka frå dei gjætsla, so hyrdingane ikkje lenger skal røkta seg sjølve; og eg vil berga sauene mine frå deira munn, so dei ikkje skal vera til føda for dei.
11For so segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg sjølv kjem og vil spyrja etter sauene mine og sjå til dei.
12Liksom ein hyrding ser til si hjord den dagen han er millom dei spreidde sauene sine, soleis vil eg sjå til sauene mine og berga dei frå alle stader der dei er spreidde på ein dag med skyer og myrkeskodda.
13Eg vil føra dei ut ifrå folkeslagi og sanka dei ut or landi og føra dei til deira eige land, og eg vil gjæta dei i Israelsfjelli, i dalane og kvar dei elles bur i landet.
14I ei god gjætslemark vil eg gjæta dei, i Israels høge fjell skal deira hamning vera; der skal dei roa seg i ei god hamning og ganga i feit beitemark i Israelsfjelli,
15Eg vil sjølv gjæta sauene mine og sjølv få dei til å roa seg, segjer Herren, Israels Gud.
16Det burtkomne vil eg leita upp, det burtrivne vil eg sanka, det beinbrotne vil eg binda um, og det sjuke vil eg styrkja. Men det feite og det sterke vil eg tyna; eg vil røkta det slik som rett er.
17Og de, sauene mine, so segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg dømer millom sauer og sauer, millom verar og bukkar.
18Er det ikkje nok åt dykk at de fær ganga i det beste beite, sidan de trakkar ned det som stend att i beitemarki dykkar? Er det ikkje nok at de fær drikka det klåraste vatnet, sidan de rotar upp med føtene det som er att?
19Og sauene mine - skal dei eta det som de hev trakka ned, og drikka det som de hev rota upp med føtene?
20Difor segjer Herren, Israels Gud, so til dei: Sjå, eg sjølv kjem og vil døma millom dei feite sauene og dei skrinne sauene.
21Etter di de trengjer alle dei veike undan med sida og bog og stangar dei med horni dykkar, til de fær spreidt dei og jaga dei av,
22so vil eg berga sauene mine, og dei skal ikkje lenger vera til ran, og eg vil døma millom sauer og sauer.
23Eg vil reisa upp ein hyrding yver dei, og han skal gjæta dei - min tenar David; han skal gjæta dei, han skal vera deira hyrding.
24Og eg, Herren, vil vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste millom dei; eg, Herren hev tala
25Eg vil gjera ei fredspakt med dei og rydja ut udyr or landet, so dei trygt kann bu i øydemarki og sova i skogane.
26Og eg vil gjera dei og landet rundt ikring min haug til ei velsigning; eg vil senda regn i rett til; regnskurer til velsigning skal det vera.
27Trei på marki skal gjeva si frukt, og jordi skal gjeva si grøda, og dei skal bu trygt i landet sitt; og dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengene i åket deira og friar dei or deira hender som trælka dei.
28Dei skal ikkje lenger vera eit ran for folki, og villdyri på jordi skal ikkje eta dei upp; dei skal bu trygt, og ingen skal skræma dei.
29Eg vil lata ein planting veksa upp åt dei som skal gjera dei namngjetne, og dei skal aldri meir verta burtrivne av svolt i landet og aldri meir ljota tola hæding frå heidningfolki.
30Dei skal sanna at eg, Herren, er med dei, og at dei, Israels-lyden, er mitt folk, segjer Herren, Israels Gud.
31Og de sauene mine, sauene som eg beiter, menneske er de; eg er dykkar Gud segjer Herren, Israels Gud.