1Herrens hand kom yver meg, og i åndi førde Herren meg ut og sette meg ned midt i dalen, som no var full av bein.
2Han førde meg rundt ikring dei, og eg såg at det låg ei ovmengd av dei utyver dalen, og dei var heilt turre.
3So sa han til meg: Menneskeson! Skal tru dei vil livna upp att, desse beini? Eg svara: Herre, Israels Gud, du veit det.
4Då sa han til meg: Spå um desse beini og seg til dei: De turre bein, høyr Herrens ord!
5So segjer Herren, Israels Gud, til desse beini: Sjå, eg let det koma livsande i dykk, so de livnar upp att.
6Eg vil leggja senar på dykk og draga hud yver utanpå dykk og gjeva dykk livsande, so de livnar upp att; og de skal sanna at eg er Herren.
7Eg spådde so som eg var fyresagd, og medan eg spådde, høyrde eg ei skråving; det tok til å braka, og beini drog seg innåt kvarandre.
8So såg eg at det kom senar og kjøt på dei, og at det drog seg hud yver dei utanpå det; men livsande var det ikkje i dei.
9Då sa han til meg: Spå og tala til livsanden! Spå, menneskeson, og seg til livsanden: So segjer Herren, Israels Gud: Kom, du livsande, frå dei fire vindar og blås på desse drepne mennene, so dei kann livna upp att!
10Og eg spådde so som han hadde sett meg til. Då kom livsanden i dei, og dei livna og reis upp på føtene, ein ovleg, ovleg stor her.
11So sa han til meg: Menneskeson! Desse beini, dei er heile Israels-lyden. Sjå, dei segjer: Turre er våre bein, og vår von vart um inkje; det er ute med oss.
12Spå difor og seg til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg opnar gravene dykkar og let dykk, mitt folk, risa upp or gravene dykkar, og eg fører dykk til Israelslandet,
13Og de skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene dykkar og let dykk mitt folk risa upp or dei.
14Eg vil senda min Ande i dykk, so de livnar upp att, og eg vil lata dykk få bu i landet dykkar; og de skal sanna at eg, Herren, hev sagt det, og at eg vil setja det i verk med segjer Herren.
15Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
16Du menneskeson, tak deg ein stav og skriv på han; for Juda og dei Israels-born som er med han! Og tak deg ein annan stav og skriv på han: For Josef - ein stav for Efra'im og heile Israels-lyden som er med han!
17Legg dei so i hop, ein attåt hin, til EIN stav, so dei vert til eitt i handi di!
18Og når landsmennene dine segjer til deg: Vil du ikkje lata oss få vita kva du meiner med dette? -
19då skal du segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg tek Josefs-staven, som er i handi åt Efra'im og Israels-ættene som er med han, og legg dei attåt Juda-staven og gjer dei til ein stav, so dei vert til eitt i handi mi.
20Og stavane som du skriv på, skal du halda i handi framfor augo på dei.
21Seg so til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg hentar Israels-borni frå dei folki som dei for burt til, og eg vil samla dei frå alle leider og føra dei til deira eige land.
22Eg vil gjera dei til eitt folk i landet, på Israelsfjelli, og ein konge skal vera konge yver dei alle, og dei skal ikkje lenger vera tvo folk og ikkje lenger vera sundbytte i tvo rike.
23Dei skal ikkje lenger sulka seg med dei ufysne avgudane sine og styggedomen sin eller med nokor av alle misgjerningane sine, og eg vil fri dei ut frå alle deira bustader, der dei hev synda, og reinsa dei, og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.
24Min tenar David skal vera konge yver dei, og ein hyrding skal det vera for dei alle; dei skal leva etter mine lover og halda mine bod og gjera etter dei.
25Dei skal bu i det landet som eg gav min tenar Jakob, det som federne dykkar budde i; dei skal bu i det, dei sjølve og borni deira og barneborni deira, til æveleg tid, og David, tenaren min, skal vera deira fyrste i all æva.
26Eg vil gjera ei fredspakt med dei - ei æveleg pakt med dei skal det vera; og eg vil busetja dei i landet mitt og lata dei aukast og setja min heilagdom midt ibland dei i all æva.
27Ja, min bustad skal vera yver dei, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
28Og folki skal sanna at eg er Herren, som helgar Israel, når min heilagdom vert verande millom dei i all æva.