Deuteronomy 6NO1938N

1Dette er dei bodi og lovene og fyresegnene som Herren dykkar Gud sa eg skulde læra dykk, og som han vil de skal leva etter i det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk -

2so du skal ottast Herren din Gud og halda alle bodi og lovene hans, som eg ber fram for deg, du og son din og soneson din, heile ditt liv, og so dagane dine må verta mange på jordi.

3So høyr då bodi hans, Israel, og kom i hug å leva etter dei! Då skal det ganga deg vel, og de skal aukast og trivast i eit landet som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, Gud åt federne dine, hev lova deg.

4Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er ein.

5Du skal elska Herren din Gud av alt ditt hjarta og av all din hug og av all di makt.

6Og desse ordi som eg lærer deg no, skal du gøyma i hjarta;

7og du skal prenta dei inn i borni dine og tala um dei når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att;

8og du skal binda dei på handi di til eit merke og bera dei som ein minnesetel på panna

9og skriva dei på dørskiene i huset ditt og på portane dine.

10No fører Herren din Gud deg inn i det landet som han lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob, at han vilde gjeva deg, til store og gilde byar som du ikkje hev bygt,

11og hus fulle av alle gode ting, som du ikkje hev fyllt, til uthogne brunnar, som du ikkje hev hogge ut, og hagar med vin- og oljetre, som du ikkje hev planta. Når du då et og vert mett,

12so akta deg at du ikkje gløymer Herren, som førde deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset!

13Herren din Gud skal du ottast og han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.

14Far ikkje etter andre gudar, som folki rundt ikring dykkar fer etter.

15For Herren din Gud, som er midt imillom dykk, han er ein streng Gud; han kunde harmast på deg, so han rudde deg ut or verdi.

16De må ikkje freista Herren dykkar Gud, soleis som de gjorde i Massa.

17Trutt skal de fylgja dei bodi og vitnemåli og fyresegnene som Herren din Gud hev gjeve deg,

18og gjera det som er rett og godt i hans augo. Då skal det ganga deg vel; du skal få koma inn i det gilde landet som Herren lova federne dine, og eigna det til deg,

19og han skal driva ut alle fiendar for deg, soleis som han hev sagt.

20Når son din sidan spør deg: Korleis er det med desse vitnemåli og fyresegnene og bodi som Herren vår Gud hev gjeve dykk?

21då skal du segja til han: Me var trælar hjå Farao i Egyptarland; men Herren førde oss med fast hand ut or Egyptarlandet.

22Og Herren let store og øgjelege teikn og under henda med egyptarane og med Farao og heile hans hus midt for augo våre.

23Men oss førde han burt; han vilde føra oss inn i det landet han hadde lova federne våre, og gjeva oss det.

24Då sette han oss fyre å halda alle desse lovene og ottast Herren vår Gud, so det skulde ganga oss vel alle dagar, og han kunde lata oss leva, som han til dessa hev gjort.

25Og det skal rekna oss til rettferd at me aktar vel på å halda alle desse bodi for Herrens augo, soleis som han hev sagt oss fyre.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.