Deuteronomy 7NO1938N

1Sjå, no fører Herren din Gud deg inn i det landet du etlar deg til og skal leggja under deg, og vil for di skuld driva ut mange folkeslag: hetitane og girgasitane og amoritane og kana'anitane og ferisitane og hevitane og jebusitane, sju folk som er større og sterkare enn du;

2men når han hev gjeve dei i di makt, og du hev vunne yver dei, då skal du bannstøyta dei; du må ikkje gjera nokor semja med dei og ikkje gjeva dei grid.

3Du må ikkje hava nokor hopegifting med dei; ikkje må du gjeva døtterne dine til sønene hans og ikkje taka døtterne hans til konor åt sønene dine;

4for då fær dei sønene dine til å falla frå meg og tena andre gudar, og då kjem Herren til å harmast på dykk og rydja deg ut, og det fort.

5Høyr no korleis de skal fara med dei: Altari deira skal de riva ned, og minnesteinane skal de slå sund; Astarte-bileti deira skal de hogga sund, og dei utskorne bileti skal de brenna upp.

6For eit heilagt folk er du for Herren din Gud; deg valde han ut millom alle folkeslag på jordi og vilde du skulde vera hans eige folk.

7Ikkje av di de var større enn alle dei andre folki, la Herren hug til dykk og kåra dykk ut; for de er det minste av alle folk.

8Men Herren elska dykk og vilde halda det han hadde lova federne dykkar; difor førde han dykk burt med fast hand og fria deg ut or slavehuset, or hendene på Farao, egyptarkongen.

9So må du då vita at Herren din Gud, han er Gud, den trufaste Gud, som held pakti si og gjer miskunn i tusunde leden mot dei som elskar han og held bodi hans;

10men dei som hatar han, gjev han løni upp i handi og let dei ganga til grunns; han held ikkje att løni for den som hatar han, men greider henne upp midt i handi hans.

11So akta då på bodet og dei lovene og fyresegnene som eg ber fram for deg i dag, og lev etter dei!

12Når de no lyder etter desse bodi og kjem dei i hug og held dei, so skal Herren din Gud koma i hug pakti si og den miskunn han lova federne dine.

13Han skal elska deg og velsigna deg og auka ætti di; han skal velsigna både det du avlar og det du el: kornet og druvesafti og oljen, det som fell undan storfeet og det som kjem til i småfenadflokken, i det landet han lova federne dine å gjeva deg.

14Velsigna skal du vera framum alle andre folkeslag. Hjå deg skal det ikkje finnast eit liv, korkje av folk eller fe, som vantar avkjøme.

15All sjukdom skal Herren halda burte frå deg, og ingen av dei vonde sottene du kjenner frå Egyptarland, skal han leggja på deg, men på alle dei som hatar deg, skal han leggja dei.

16Alle dei folki som Herren din Gud gjev deg makt yver, skal du tyna; du skal ikkje spara dei. Og aldri må du tena gudane deira; for det vert ei snara for deg.

17Men um du tenkjer som so: Desse folki er større enn eg; korleis kann eg driva dei ut? -

18so ver ikkje redd dei for det! Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Farao og alle egyptarane,

19dei store plagone du såg for augo dine, og teikni og underi som hende då Herren med sterk hand og strak arm førde deg ut or Egyptarlandet; det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folki du reddast for.

20Endå kvefsar skal Herren din Gud senda imot dei, til alle dei er burte som er att og hev løynt seg for deg.

21Du skal ikkje fæla for dei; for Herren din Gud er hjå deg, ein stor og ageleg Gud.

22Smått um senn skal Herren din Gud driva desse folki ut for deg; du skal ikkje få øyda dei ut med ein gong; for då kom villdyri til å verta for mange for deg.

23Herren din Gud skal gjeva deg makt yver dei; han skal fjetra dei, so dei ikkje veit anten att eller fram, til dei vert nedhogne.

24Kongane deira og skal han gjeva i ditt vald, og du skal rydja ut namni deira so dei ikkje finst meir under himmelen. Ingen skal kunna standa seg mot deg; du skal øyda dei ut for ende.

25Gudebileti deira skal de kasta på elden; du skal ikkje bry deg um sylvet og gullet på dei, eller eigna det til deg; det vilde verta ei snara for deg; for det er ein styggedom for Herren din Gud,

26og du skal ikkje hava nokon styggedom inn i huset ditt, so du vert bannstøytt liksom det; du skal styggjast ved det og sky det; for det er bannstøytt.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.