1Høyr, de himlar, på meg med eg talar, lyd, du jord, på ordi frå min munn!
2Som regnet risle mi læra, som doggi drjupe mitt ord, som skurer på grøne groen, som él på urter og gras!
3For Herrens namn vil eg forkynna; høgt love de Herren vår Gud!
4Eit fjell er han, fullkome er hans verk; for rettferd er alle hans vegar - ein trufast Gud og sviklaus; rettferdig og rettvis er han.
5Tru han hev gjort folket sitt vondt? Nei, borni hans dei hev skammi - ei rangsnudd og svikfull ætt.
6Er det soleis de løner Herren, du dårlege, fåvise folk! Er ikkje han din far, som vann deg åt seg? Han skapte deg og laga deg.
7Hugs etter ævordoms dagar, akta på åri, ætt etter ætt! Spør far din, han gjer deg fråsegn - dine gamle, av dei fær du grein.
8Då den Høgste skifte ut heimen og gav folket eiga og arv, då manneborni vart skilde og spreidde til kvar sin stad, då laga han landskil åt folki etter talet på Israels born.
9For Herrens lut er hans folk, Jakob er hans eiga og arv.
10Herren fann han på aude viddi, i heidi der villdyri ylte; han verna han, og han vakta han som sin augnestein.
11Som ørnen vekkjer sitt elde og sviv yver ungane sine, so breidde han ut sine venger og bar han på flogfjørene sine.
12Det var Herren åleine som førde han, og ingen framand gud fylgde med.
13Han førde han fram yver høgdene på jordi, let han eta av grøda på marki; han fekk suga honning or berget og olje or hardaste stein;
14rjome og sauemjølk fekk du, feitt av lamb og av verar frå Basan, og av bukkar med, attåt feitaste kveitemergen, og druveblod drakk du, vin.
15Jesurun vart feit og slo bakut - feit vart du, foreten og stinn; han skaut ifrå seg Gud, sin skapar, mismætte sitt frelsande fjell.
16Dei gjorde han åbruig med avgudar, med styggedom harma dei han.
17Dei ofra til makter som ikkje er Gud, til gudar dei ikkje kjende fyrr, nye og nyst uppkomne, som federne ikkje ottast.
18Fjellet, ditt upphav, ansa du ikkje; du gløymde Gud, som gav deg livet.
19Og Herren såg det og støytte dei burt; han harmast på sine søner og døtter.
20Han sa: Eg skal løyna mi åsyn for dei; eg vil sjå kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.
21Dei gjorde meg åbruig med u-gudar, harma meg med sine skrymt-gudar. Eg skal gjera dei åbruige med eit u-folk, med eit uvitugt folk skal eg harma dei.
22For ein eld er kveikt i min vreide og logar til djupaste helheimen; han øyder landet og grøda deg og fatar i grunnvollane under fjelli.
23Eg skal sanka i hop ulukkor og sleppa nedyver dei; kvar ei pil eg hev i mi eiga, skal eg skjota av imot dei.
24Når svolt og svidande sotter hev soge mergen or dei, sender eg mot dei udyrtonni og eiter av krjupande orm.
25Ute skal sverdet herja og inne i kovane redsla; dei tyner både sveinar og møyar, sogbarnet og den gråhærde mannen.
26Eg hadde vilja blåse dei burt, so ingen mintest dei meir,
27um eg ikkje ottast fiendane skulde krenkja meg, at uvenene deira skulde tyda det rangt og segja: Det var vår hand som var so sterk; det var ikkje Herren som gjorde alt dette.
28For dei er eit folk utan visdom; det finst ikkje vit i dei.
29Var dei vise, so skyna dei dette, då visste dei kvar det bar av.
30Korleis kunde EIN elta tusund, og tvo slå ti tusund på flog, um ikkje deira fjell hadde selt dei og Herren gjeve dei upp?
31For deira fjell er ikkje som vårt fjell; det vitnar fienden sjølv.
32I Sodoma voks deira vintre, skaut upp av Gomorras grunn; druvone på dei er giftige druvor, og beisk er kvar einaste krans.
33Vinen av dei er drake-eiter og øgjeleg ormegift.
34Ligg ikkje dette gøymt hjå meg, forsegla i mine bur?
35Eg råder for hemn og for attgjeld når foten deira skrid ut; for det lid alt mot undergangsdagen, og lagnaden deira kjem brått.
36Sine tenarar tykkjer Gud synd um og tek deira sak i si hand, når han ser det er ende på makti og ute med gamal og ung.
37Han spør: Kvar tru er deira gudar - det fjellet dei trygde seg til -
38som åt deira slaktofferfeita og drakk deira drykkoffervin? - Bed dei reinsa seg og berga dykk, bed dei vera vern for dykk!
39No ser de vel det er eg, og at ingen annan er Gud! Eg drep, og eg vekkjer til live, eg helseslær og eg lækjer; og ingen i vide verdi kann fria dykk or mitt vald.
40For eg lyfter mi hand imot himmelen: So visst eg hev æveleg liv:
41Når eg kvesser det ljonande sverdet og stend med domen i hand, tek eg hemn yver fiendane mine, gjev den som hatar meg, det han er verd.
42Med kjøt vert sverdet mitt metta, mine piler drukne av blod - blodet av falne og fangar, av fiendehovdingen sjølv.
43Prisa hans folk, de heidningar! For han hemner blodet åt tenarane sine; yver fiendane sine fører han hemn og gjer soning for sitt land og sitt folk.
44Då Moses hadde kvede alle versi i denne songen for folket, han og Hosea Nunsson,
45og hadde tala alle desse ordi til heile Israel,
46so sa han til dei: Akta no vel på alle dei ordi som eg gjer til eit vitne mot dykk i dag, so de kann læra borni dykkar å halda alle ordi i denne lovi og leva etter dei!
47For dette er ikkje noko tomt ord, som ikkje gjeld for dykk; livet dykkar ligg i dette ordet, og held de dykk etter det, so skal de få leva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.
48Same dagen tala Herren til Moses og sa:
49Stig upp på Abarimfjellet her, på Nebotinden, som ligg i Moablandet, midt for Jeriko, so skal du få skoda Kana'anslandet, som eg gjev Israels-borni til eigedom,
50og der uppå fjellet skal du døy og fara til federne dine, soleis som Aron, bror din, døydde på Horfjellet og for til federne sine,
51for di de synda mot meg millom Israels-borni ved Meribakjelda i Kades i Sinøydemarki og ikkje helga meg millom dei.
52Du skal få sjå landet framfyre deg, men inn skal du ikkje koma i det landet som eg gjev Israels-borni.