1Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-borni fyrr han døydde.
2Han sa: Herren kom frå Sinai, steig upp for dei ifrå Se'ir, skein ifrå Paranfjellet, gjekk fram or dei heilage herar, ved hans høgre hand lyste lov-elden for dei.
3Ja, han elskar folket sitt høgt; dine heilage er i du hand; dei flokkar seg kring din for, dei lyder trutt på din tale.
4Moses gav oss ei lov, ein arv for lyden åt Jakob.
5Og han vart konge i Jesurun, då hovdingane slo seg i hop, og Israels-ættene eintest.
6Lat Ruben leva og aldri døy ut, men mennene hans verta få i talet!
7Og um Juda sa han dette: Høyr Herre, ropi frå Juda, og før han heim til sitt folk! Med sine hender strider han for det; ver du han ei hjelp mot hans fiendar!
8Og um Levi sa han: Dine tummim og urim gjev lyden åt den som hev vore deg lydig, han som du røynde ved Massa og tretta med ved Meriba,
9han som sa um far sin og mor si: Eg ser ikkje desse folki, som ikkje kjendest ved sine brør og ikkje visste av sine born; for han akta på ordi dine og kom di pakt i hug.
10Han lærer Jakob di lov og Israels lyd dine bod, han legg røykjelse for ditt andlet og heiloffer på ditt altar.
11Velsigna, herre, hans styrke, hav hugnad i alt hans verk! Brjot ryggen på dei som er mot han, so dei aldri vinn reisa seg meir!
12Um Benjamin sa han: Han er hjartebarnet åt Herren og bur so trygt hjå han; han kviler imillom hans herdar; stødt held Gud si hand yver han.
13Og um Josef sa han: Med dogg og dyre himmelgåvor velsigne Herren landet hans, med vatn utor det store djupet som gøymt innunder jordi ligg,
14med alt det beste soli el, det beste månane driv fram,
15alt godt ifrå dei gamle fjelli, alt hævt frå ævelege haugar,
16alt gjævt og gildt som fyller jordi, hans nåde som i klungeren budde; det kome yver Josefs hovud, det kryne kvervelen åt han som hovding er bland sine brør!
17Ovgild er hans frumborne ukse, hans horn er som villuksehorn; med dei stangar han alle folki til verdsens ytste endemark. Det er Efra'ims store herar, det er Manasses sterke hop.
18Og um Sebulon sa han: Gled deg, Sebulon, i di utferd, og du, Issakar, i dine tjeld!
19Til sitt fjell bed dei folki koma; der ofrar dei rettferds offer; for utor sjøen syg dei rikdom og skattar gøymde i sanden.
20Og um Gad sa han: Lova vere han som gjev Gad romt land! Der ligg han og lurer som løva og riv sund herdar og hovud.
21Han såg seg ut fyrste luten; for der ligg den lut som er etla åt han av han som gav lovi; so for han fram fyre folket, og saman med Israels-borni gjorde han alt det Herren sa fyre, alt det som var rett i Guds augo.
22Og um Dan sa han: Dan er ein løveunge som bykser fram ifrå Basan.
23Og um Naftali sa han: Naftali, metta med nåde og fyllt med Herrens velsigning - tak vestland og sudland i eige!
24Og um Aser sa han: Sælaste sonen vert Aser, kjæraste bror millom brørne; i olje fær han duppa foten.
25Av kopar og jarn er ditt lås, og di kvild so lang som ditt liv!
26Det finst ingen som Gud, Jesurun! Han fer deg til hjelp yver himmelen og ek i si allmakt på skyene.
27Ein bustad er den eldgamle Gud; hit ned når hans evige armar. Han driv burt for deg din uven og segjer til deg: Øyd ut!
28So bur Israel trygt og åleine, og Jakob hev auga sitt vendt mot eit land fullt av druvor og korn, og doggi dryp frå hans himmel.
29Å, Israel, kor du er sæl! Kven er vel som du? - eit folk som hev Herren til frelsar, ditt verjande skjold og ditt veldige sverd! Sjå, fiendane smeikje for deg, medan du skrid fram yver høgdene deira.