Deuteronomy 31NO1938N

1Og Moses gjekk fram og tala til heile Israel

2og sa desse ordi: No er eg hundrad og tjuge år gamal; eg er ikkje so nøytug som eg hev vore, og Herren hev sagt meg at eg ikkje skal koma yver Jordanåi.

3Herren din Gud vil sjølv ganga fyre deg; han vil rydja ut desse folki for seg, so du kann leggja under deg landet deira; men Josva skal føra deg yver, soleis som Herren hev sagt.

4Og Herren skal gjera med dei som han gjorde med Sihon og Og, amoritarkongane, då han rudde dei ut og la landet deira i øyde.

5Han skal gjeva dei i dykkar makt, og de skal fara med dei i eitt og alt soleis som eg hev sagt dykk.

6Ver sterke og djerve! Reddast ikkje og fæla ikkje for dei! For Herren din Gud gjeng sjølv med deg; han vil ikkje sleppa deg og ikkje slå handi av deg.

7Og Moses kalla Josva til seg og sa til han so heile Israel høyrde på det: Ver sterk og djerv! For du skal føra dette folket inn i det landet som Herren lova federne deira, og du skal hjelpa dei til å vinna det.

8Og Herren, han som gjeng fyre deg, han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje slå handi av deg. Du skal ikkje reddast og ikkje fæla!

9So skreiv Moses upp denne lovi og gav henne til prestane, Levi-sønene, dei som bar Herrens paktkista, og til alle styresmennene i Israel

10og sa til dei: Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, når de held lauvhyttehelg,

11og heile Israel møter fram for Herrens åsyn på den staden han vel seg ut, då skal du lesa upp denne lovi for Israels-lyden.

12Heile folket skal de kalla i hop, både menner og kvinnor og born og dei framande som bur i byane dine, so dei fær høyra lovi og kann læra å ottast Herren dykkar Gud og akta på å halda alle desse ordi.

13Og borni deira, som ikkje kjenner lovi, lyt og få høyra henne, so dei kann læra å ottast Herren dykkar Gud so lenge de lever i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.

14Og Herren sa til Moses: Sjå, no lid det til at du skal fara or verdi; kalla Josva hit og stig fram åt møtetjeldet, både du og han, so skal eg segja han fyre kva han skal gjera. So gjekk Moses og Josva fram åt møtetjeldet og vart standande der.

15Då synte Herren seg for dei i ein skystopul, og skystopulen stod i tjelddøri.

16Og Herren sa til Moses: Når du kviler hjå federne dine, då kjem dette folket til å halda seg med avgudane i det landet dei skal inn i; dei kjem til å venda seg ifrå meg og brjota den pakti eg hev gjort med dei.

17Den dagen skal harmen min loga upp imot dei; eg skal venda meg frå dei og løyna andletet mitt for dei; dei skal tynast burt, og mange ulukkor og trengslor skal koma yver dei. Då skal dei segja: Det er visst av di min Gud ikkje er med meg at desse ulukkone hev kome yver meg.

18Men endå skal eg løyna andletet mitt for dei, for di dei hev gjort so mykje vondt og vendt seg til andre gudar.

19Skriv no upp denne songen åt dykk! Lat Israels-borni læra han, og legg han i munnen deira! Han skal vera meg til eit vitne imot dei.

20For no fører eg dei inn i det landet eg lova federne deira, der som mjølki og honningen fløymer; men når dei hev ete seg mette og feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og tena dei og vanvyrda meg og brjota mi pakt.

21Når då mange ulukkor og trengslor møter dei, då skal denne songen ljoda som eit vitnemål for øyro deira; han skal ikkje vera gløymt hjå dei som etter kjem, og ikkje døy på munnen deira. For eg veit kva tankar dei gjeng med alt no, fyrr eg hev ført dei inn i det landet eg lova dei.

22Same dagen skreiv Moses upp denne songen og let Israels-borni læra han.

23Og Herren sa til Josva Nunsson: Ver sterk og djerv! For du skal føra Israels-borni inn i det landet eg hev lova dei, og eg skal vera med deg.

24Då Moses hadde skrive inn i ei bok alle ordi i denne lovi, heilt til endes,

25so sa han til levitane, som bar Herrens paktkista:

26Tak denne lovboki og legg henne ned innmed paktkista åt Herren dykkar Gud; der skal ho liggja og vera eit vitne imot deg.

27For eg veit kor trassig og strid du er. Hev de ikkje alt no, medan eg lever og er hjå dykk, vore ulydige mot Herren! Korleis vil det då vera når eg er burte?

28Kalla no i hop alle styresmennene fot ættene dykkar og alle tilsynsmennene, so vil eg tala desse ordi for dei og taka himmelen og jordi til vitne mot dei.

29For eg veit vel at når eg er burte, kjem de til å forsynda dykk storleg og taka utav den vegen eg hev sagt de skal ganga; men ulukka skal koma yver dykk til slutt, for di de gjer det som Herren mislikar, og argar han upp med framferdi dykkar.

30So kvad Moses dette kvedet frå ende til annan, for heile Israels-lyden:

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.