1Når då alt dette kjem yver deg, velsigningi og forbanningi som eg no hev lagt fyre deg, og du tek det til hjarta ute millom alle dei folki som Herren din Gud hev drive deg burt til,
2og du so vender um til Herren din Gud og lyder han i alt det eg segjer til deg i dag, av alt ditt hjarta og all din hug, både du og borni dine,
3då skal Herren din Gud gjera ende på fangetidi di og miskunna deg og sanka deg i hop att frå alle dei folki som han hadde spreidt deg imillom.
4Um de so var burtstøytte til verdsens ende, so skal Herren din Gud samla deg og henta deg derifrå.
5Herren din Gud skal føra deg heim att til det landet federne dine hev ått, og du skal få eiga det; og han skal gjera vel mot deg og auka deg, so du vert endå mannsterkare enn federne dine.
6Og han skal umskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, so du elskar Herren din Gud av alt ditt hjarta og all di sjel, og då skal du få leva.
7Då skal Herren din Gud leggja alle desse forbanningane på fiendane dine og på dei som hev hata og sete etter deg.
8Men du skal på nytt lag høyra på Herrens røyst og halda alle bodi hans, som eg lærer deg i dag.
9Og Herren din Gud skal gjeva deg nøgdi av det som godt er, i alt du tek deg til, av born og buskap og avling; for Herren skal på nytt lag gleda seg yver deg og gjera vel imot deg, liksom han fyrr gledde seg yver federne dine,
10so sant du høyrer på røysti åt Herren din Gud og held bodi og lovene hans, alt det som er skrive denne lovboki, og so sant du vender um til Herren din Gud av alt ditt hjarta og all din hug.
11For dette bodet som eg legg fyre deg i dag, det er ikkje for høgt for deg, og det er ikkje langt burte.
12Det er ikkje uppi himmelen, so du lyt segja: Kven vil fara upp til himmelen for oss og henta det og lata oss få høyra det, so me kann leva etter det?
13Og det er ikkje på hi sida av havet, so du lyt segja: Kven vil fara yver havet og henta det åt oss, so me kann få høyra det og leva etter det?
14Ordet er deg næmare enn so: det er i din eigen munn og i ditt eige hjarta, so du vel kann leva etter det.
15Sjå, i dag hev eg lagt fram for deg livet og det gode og dauden og det vonde.
16Gjer du som eg segjer til deg i dag, elskar du Herren din Gud og gjeng på hans vegar og held bodi og lovene og fyresegnene hans, då skal du leva og aukast, og Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du kjem inn i og skal eigna til deg.
17Men vender du hugen din burt og ikkje vil lyda, og let du deg lokka til å tilbeda andre gudar og tena dei,
18so segjer eg dykk i dag beint ut at de skal verta utrudde; de skal ikkje få leva lenge i det landet du no fer yver til og skal leggja under deg.
19Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg hev lagt fram for deg liv og daude, velsigning og forbanning; vel då livet, so skal du få leva, både du og ætti di!
20Elska Herren din Gud og høyr på røysti hans og haldt deg til han! For då vinn du livet og når ein høg alder og fær bu i det landet som Herren lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob.