Deuteronomy 29NO1938N

1Dette er ordi i den pakti som Herren let Moses gjera med Israels-borni i Moablandet, umfram den pakti han hadde gjort med dei på Horeb.

2Moses kalla i hop heile Israel og sa til dei: De såg alt det som Herren gjorde for augo dykkar i Egyptarlandet med Farao og alle tenarane og heile landet hans,

3med eigne augo såg de dei svære plagone, dei store teikni og underi.

4Men til denne dag hev Herren ikkje fenge gjeva dykk hjarta til å skyna eller augo til å sjå eller øyro til å høyra med.

5Eg let dykk ferdast fyrti år i øydemarki; klædi dykkar vart ikkje utslitne, og skoen sleitst ikkje undan foten din.

6Ikkje hadde de brød å eta og ikkje vin eller anna sterkt å drikka; for eg vilde de skulde sjå at eg, Herren, er dykkar Gud.

7So kom de hit til denne staden, og Sihon, kongen i Hesbon, og Og, kongen i Basan, kom imot oss og baud ufred, men me slo dei

8og tok landet deira og let rubenitane og gaditane og den halve Manasse-ætti få det til odel og eiga.

9So akta då på og haldt dykk etter kvart ord i denne pakti, so de fer visleg åt i alt det de gjer!

10Her stend de i dag alle framfor Herrens åsyn, hovdingane dykkar, ættene, styresmennene og tilsynsmennene, kvar mann i Israel,

11borni og konone dykkar og dei framande i lægret, både vedhoggaren og vassberaren,

12og skal ganga inn i pakti med Herren din Gud og i det eids-sambandet han gjer med deg i dag;

13for i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, soleis som han hev sagt deg, og soleis som han hev lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob.

14Og ikkje berre med dykk gjer eg denne pakti og dette eids-sambandet,

15men både med dei som i dag stend her med oss for Herrens åsyn, og med dei som ikkje er her hjå oss i dag.

16For de veit sjølve at me budde i Egyptarlandet, og at me for fram midt igjenom dei folki de no kjem ifrå.

17Og de såg dei ufysne styggetingi av stokk og stein, av sylv og gull som dei hadde til gudar.

18Lat det so ikkje finnast hjå dykk mann eller kvinna, ætt eller ættgrein som i dag vender hjarta sitt burt frå Herren vår Gud og gjeng av og tener gudane åt desse folki! Lat det ikkje finnast hjå dykk nokon rot som det renn trollbær og malurt av,

19nokon som tenkjer med seg når han høyrer ordi i denne pakti: Eg er like sæl; det gjeng meg like godt um eg trassar og fer etter min eigen hug! For då kjem det vassrike lendet til å ganga til grunns saman med det tyrste.

20Herren skal aldri gjeva han til; nei, Herrens vreide og brennhug skal loga imot han som ein eld, og alle dei forbanningar som er skrivne i denne boki, skal kvila på han, og Herren skal strjuka ut namnet hans so det ikkje finst meir under himmelen.

21Herren skal skilja han ut frå alle Israels ætter, og det skal ganga han so ille som spått er i alle forbanningane i den pakti som er skrivi i denne lovboki.

22Og når dei komande ætter, borni som veks upp etter dykk, og den framande som kjem frå eit land langt burte, ser dei ulukkor som hev råma dette landet, og dei sjukdomar som Herren hev heimsøkt det med,

23ser heile marki strådd med svovel og salt, og uppbrend so ho ikkje kann såast og ingen ting gjeva av seg, og ingen urt kann veksa på henne - som den gongen Sodoma og Gomorra og Adma og Sebo'im vart lagde i øyde, dei byane som Herren gjorde ende på i sin vreide og harm - då kjem dei til å spyrja,

24alle folki kjem til å spyrja: Kvi hev Herren fare soleis åt med dette landet? Kva var det som valda denne svære vreides-elden?

25Og dei fær til svar: Det var av di dei braut pakti som Herren, Gud åt federne deira, gjorde med dei då han førde dei ut or Egyptarlandet,

26og av di dei gjekk av og tente andre gudar og tilbad dei, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve dei lov til å dyrka.

27Difor loga Herrens vreide upp imot dette landet, so han let alle dei forbanningar koma yver det som er skrivne i denne boki.

28Han rykte dei upp or landet deira i vreide og harm og græe og slengde dei burt til eit anna land, og der hev dei lote vera til denne dag.

29Det dulde høyrer Herren vår Gud til, men det som er openberr gjeld for oss og borni våre i all æva, so me skal halda alle ordi i denne lovi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.