1Høyr du no på røysti åt Herren din Gud, aktar du på å halda alle bodi hans, som eg gjev deg i dag, so skal han hevja deg høgt yver alle folk på jordi.
2Kvar velsigning eg nemner, skal nå deg og taka deg att, so sant som du høyrer på røysti åt Herren din Gud:
3Velsigna vere du i byen! Velsigna vere du på marki!
4Velsigna vere borni som du avlar, og grøda som jordi di ber, og buskapen som du el, det som fell undan storfeet, og det som kjem til i småfenadflokken!
5Velsigna vere korgi di og bakstetroget ditt!
6Velsigna vere du når du kjem inn! Velsigna vere du når du gjeng ut!
7Når fiendane dine reiser seg mot deg, skal Herren fella dei ned for din fot; på EIN veg kjem dei farande imot deg, men på sju vegar skal dei røma for deg.
8Til velsigningi skal Herren senda bod at ho skal bu hjå deg i løone dine og fylgja deg i alt du tek deg fyre, og Herren din Gud skal velsigna deg i det landet han gjev deg.
9Til eit heilagt folk vil Herren gjera deg, vigt åt han sjølv, som han hev lova deg, so framt du held bodi åt Herren din Gud og ferdast på hans vegar;
10og alle folk på jordi skal få sjå at du med rette heiter Herrens lyd, og dei skal reddast deg.
11Nøgdi av alt som godt er skal Herren senda deg, av born og buskap og av alt som marki ber, i det landet han lova federne å gjeva deg.
12Si rike bu i himmelen skal Herren lata upp for deg, so landet ditt i tide fær det regn som trengst, og alt vert signa som du tek deg til; og du skal låna burt til mange folk, men aldri skal du turva låna sjølv.
13Til hovud skal Herren gjera deg, og aldri skal du vera hale. Alltid skal du vera ovanpå og aldri liggja under, so sant du berre lyder Herrens bod - dei som eg no legg fram for deg, so du skal akta på dei og leva etter dei -
14og aldri vik av frå noko av dei ordi eg legg fram for dykk i dag, korkje til høgre eller vinstre, og fylgjer andre gudar og tener dei.
15Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren din Gud, aktar du ikkje på å halda alle bodi og lovene hans, dei som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar forbanning eg nemner, skal nå deg og taka deg att:
16Forbanna vere du i byen! Forbanna vere du på marki!
17Forbanna vere korgi di og bakstetroget ditt!
18Forbanna vere borni som du avlar, og grøda som jordi di ber, og buskapen som du el, det som fell undan storfeet, og det som kjem til i småfenadflokken!
19Forbanna vere du når du kjem inn! Forbanna vere du når du gjeng ut!
20Forbanning, støkk og trugsmål skal Herren senda yver deg, kva du so tek deg til og gjer, til du vert tynt og vonom fyrr kverv burt, for di du jamt hev gjort so mykje vondt og falle frå meg.
21Farangar skal han lata hanga atti deg, til han hev rudt deg ut or landet som du kjem inn i og skal leggja under deg.
22Med sott som tærer og brenn, skal han søkja deg, med heteflagor og verk, med turkår og moldaks og rust, og dei skal elta deg til du er kvitt.
23Himmelen uppyver deg skal vera som eit kopartak, og jordi under deg som av jarn.
24Dust og sand skal vera det regnet som Herren gjev landet ditt; frå himmelen skal det fara nedyver deg, til du vert kjøvd.
25For fiendane dine skal du rjuka; på EIN veg skal du fara imot dei, og på sju vegar skal du røma for dei. Alle rike på jordi skal fara ille med deg.
26Til mat for alle fuglane i lufti vert liki dine, og for dyri på jordi; ingen jagar dei.
27Egyptarsotti sender Herren yver deg, kaunar og skabb og utbrot, so du skal vera utan lækjevon;
28vitløysa og blindskap og villska sender han.
29Då lyt du trivla deg fram midt i dagsens ljos, som den blinde trivlar seg fram i myrkret; aldri skal du hava lukka med deg på vegane dine; plaga og plundra vert du dag for dag, og ingen finst det som kann hjelpa deg.
30Ein annan mann tek bruri di i fang; i huset du hev bygt, fær du ikkje bu; av vinhagen du hev planta, fær du ikkje frukt.
31Slakta vert uksen din medan du ser på, men du fær ikkje smaka kjøtet; asnet ditt vert rana for augo dine og kjem aldri att; og fienden tek småfeet ditt - og ingen hjelper deg.
32Sønene og døtterne dine vert gjevne til eit framandt folk, og augo dine skodar det og græt seg såre etter dei all dagen lang; men det er ingi makt i handi di.
33Eit folk du ikkje kjenner, et upp det du hev avla på jordi di, og alt som du hev vunne med ditt strev; trælka og trådd på vert du jamt og samt.
34Du kjem til å missa vitet av den syn du lyt sjå for augo dine.
35Med vonde verker søkjer Herren deg, på kne og legger, frå hovud og til fot, og aldri fær du att helsa meir.
36Deg og den kongen du set yver deg, skal Herren føra burt til eit folk som korkje du eller federne dine hev kjent; og der lyt du tena andre gudar, stokk og stein;
37eit skræmsel, eit ordtøke og ei spott vert du for alle folk som Herren let deg koma til.
38På åkeren sår du ut mykje korn, men lite er det du fær samla inn; for grashoppen gneg brodden av.
39Vinhagar plantar du og dyrkar dei; men vin fær du aldri drukke og aldri gøymt; for makken et upp både blom og blad.
40I heile landet hev du oljetre; men endå fær du aldri salva deg; det kastar karten, oljetreet ditt.
41Søner og døtter fær du, men du må ikkje hava dei; for dei vert hertekne og førde burt.
42Grashoppen legg seg tett på alle tre og grøda som veks upp av jordi di.
43Den framande som bur hjå deg, stig upp, høgre og høgre, yver deg, og du sig allstødt djupare og djupare.
44Han hev so han kann låna burt til deg, men du hev inkje å låna han; han vert til hovud, og du vert til hale.
45Alle desse forbanningane kjem yver deg og elter deg og når deg att, so du vert øydelagd, for di du ikkje lydde Herrens ord og ikkje heldt hans bod og lovene han gav.
46Og dei skal verta til eit teikn og under, som allstødt fylgjer deg og ætti di.
47For di du ikkje tente Herren din Gud med gleda og av hjartans hug den gongen du hadde flust av alt,
48so skal du svolten, tyrst og klædelaus og aud for all ting tena fienden som Herren sender mot deg, og eit jarn-åk skal han leggja på din hals, til du vert kverkt.
49Herren skal bjoda ut mot deg eit folk langt burtantil, frå verdsens ytste land; brått, liksom ørnen slær ned, kjem dei yver deg, og ikkje kann du skyna deira mål -
50eit hardleitt folk, som ingen age hev for den som gamal er, og ingen medynk med den som er ung;
51dei et upp alt du fær av buskapen, og all di avling, til du svelt i hel, av di dei ikkje leiver anten korn eller vin eller olje, anten kalv eller lamb, til dei hev fenge øydt og snøydt deg reint.
52Dei kringset deg i kvar ein by du hev, til dess dei høge, sterke murane du lit på, fell i heile landet ditt, det landet Gud hev gjeve deg.
53Då skal du eta eige kjøt og blod, dei borni som din Gud hev gjeve deg, so stor ei trengsla og so hard ei naud kjem fienden til å føra yver deg.
54Den kjælnaste og vandaste av menn skal sjå med ovundsauga på sin bror og på si kona som han held i fang, og på dei siste borni han hev att,
55og ikkje unna dei det minste grand av kjøtet av dei borni som han et, av di han ingen annan ting hev att til å berga seg med i den naud og trong som fienden din fører yver deg når han kringset deg i kvar borg og by.
56Den kjælnaste og mest forvande kvinna, som aldri baud til å setja fot på jordi for berre blautlæte og kjælenskap, ho ser med ovundsauga på sin mann, han som fekk kvila innmed hennar barm, og på sin eigen son og dotter si
57og gjev ikkje av si etterferd eller av det vesle barnet som ho fekk, men snøydd for alt, et ho det sjølv i løynd til å berga livet i den naud og trong som fienden din fører yver deg når han kringset deg i kvar by og borg.
58Held du ikkje alle ordi i denne lovi, dei som stend skrivne her i denne boki, ottast du ikkje det herlege og agelege namnet: Herren din Gud,
59so skal Herren senda fæle ulukkor yver deg sjølv og yver ætti di, svære og endelause ulukkor og vonde og endelause sjukdomar.
60Egyptar-sjukane som du er so redd, dei skal han lata koma yver deg, og dei skal alle hanga atti deg.
61Og kvar ei sott og kvar ei ulukka som er unemnd i denne lovboki, skal Herren lata koma yver deg, til du er heiltupp tynt og øydelagd,
62og de som fyrr var liksom stjernone på himmelen i tal, skal minka burt, so de er att berre ein liten flokk, for di du ikkje lydde Herren din Gud.
63Og liksom Herren fyrr hev gledt seg i å gjera vel mot dykk og auka dykk, so skal han sidan gleda seg når han let dykk forkomast fort og øydast ut, og de skal rykkjast upp or det landet du no vil inn i og slå under deg.
64Herren skal spreida deg millom alle folk, frå heimsens eine ende og til hin; der lyt du tena avgudar, som du og federne dine aldri hev kjent til, gudar av stokk og stein,
65og aldri fær du ro hjå desse folki, aldri finn du nokon kvilestad for foten din. Herren skal gjeva deg eit hjarta som skjelv, innsokne augo og ei visna sjel;
66då tykkjer du ditt liv heng etter eit hår; du bivrar natt og dag, og aldri er du trygg for livet ditt.
67Kvar morgon segjer du: Gjev det var kveld! og vert det kveld: Gjev det var morgon att! Slik redsla kjenner du i hugen din, og slik ei syn lyt augo dine sjå.
68På skip skal Herren senda deg attende til Egyptarland, den vegen som eg sa deg at du aldri meir skulde sjå; der skal de verta bodne ut åt dine fiendar til trælar og til trælkvinnor, men ingen idest kjøpa dykk.