Daniel 7NO1938N

1I det fyrste året Belsasar var konge i Babel, hadde Daniel ein draum og såg syner medan han låg på lægjet sitt; sidan skreiv han upp draumen og fortalde hovudinnhaldet av han.

2Høyr no kva Daniel fortalde: Eg hadde ei syn um natti, og i den syni såg eg korleis dei fire himmel-vindane storma fram yver det store havet.

3Og fire dyr steig upp or havet, det eine ulikt det andre.

4Det fyrste liktest ei løva og hadde ørnevenger, og medan eg såg på det, vart vengene rivne av dyret, og det vart lyft upp frå marki og sett på tvo føter som eit menneske, og det fekk eit mannehjarta.

5So fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja; det var likt ein bjørn og lette seg upp på den eine sida; og det hadde tri sidebein i gapet millom tennene, og det vart sagt til det: Statt upp og et mykje kjøt!

6Sidan såg eg i syni mi eit anna dyr, som liktest ein leopard; det hadde fire fuglevenger på ryggen og hadde fire hovud, og det fekk stort velde.

7Sidan fekk eg i nattesynene mine sjå det fjorde dyret, øgjeleg og skræmeleg og uhorveleg sterkt; det hadde store tenner av jarn, det åt og krasa, og leivningane trakka det ned med føtene; det var ulikt alle hine dyri og hadde ti horn.

8Eg skoda vel på horni; då fekk eg sjå eit anna horn, eit lite, som skaut upp millom dei, og tri av hine horni vart rykte upp so det kunde få rom; og det hornet hadde augo som manneaugo og ein munn som tala store ord.

9Medan eg såg på dette, vart det sett fram stolar, og ein som gamal var, sette seg ned; klædnaden hans var snøkvit, og håret på hovudet hans var som rein ull; stolen hans var eldslogar, og hjuli under var brennande eld.

10Ei elv av eld strøymde ut frå han; tusund gonger tusund var tenarane hans, og ti tusund gonger ti tusund stod til tenesta for han. So vart retten sett, og bøker vart opna.

11Medan eg såg på dette, vart dyret drepe for dei store ordi skuld som hornet tala, og kroppen åt dyret vart tynt og kasta i elden for å brennast.

12Veldet åt dei andre dyri vart teke frå dei; for levetidi deira var fastsett til tid og stund.

13Sidan fekk eg sjå i nattsynene mine korleis ein som liktest ein menneskeson, kom med himmelskyene; han gjekk burt til den gamle og vart ført fram for han.

14Og han fekk velde og æra og rike, og alle folk og ætter og tungemål skulde tena han; hans velde er eit æveleg velde, som aldri forgjengst, og riket hans gjeng aldri til grunns.

15Då kjende eg, Daniel, åndi mi uroast i meg, og synene eg hadde havt, skræmde meg.

16Eg gjekk burt til ein av dei som stod der og bad um ei pålitande uttyding på alt dette; og han svara meg og tydde det for meg:

17Desse fire store dyri tyder at det skal koma upp fire kongar på jordi;

18men dei heilage åt Den Høgste skal få riket og hava det i eige til æveleg tid, ja, i alle ævor.

19So vilde eg hava pålitande uttyding um det fjorde dyret, som var ulikt alle hine, det som var so skræmeleg og hadde tenner av jarn og klør av kopar, og som åt og krasa og trakka ned med føtene det som det leivde,

20og like eins um dei ti horni det hadde på hovudet, og um det nye hornet, det som sidan skaut upp, og som tri av hine horni fall av for - det hornet som hadde augo og ein munn som tala store ord, og som var større å sjå til enn alle hine.

21Eg såg korleis dette hornet førde strid mot dei heilage og vann yver dei,

22til dess han kom, han som gamal var, og dei heilage åt den Høgste sin rett, og tidi kom då dei heilage tok riket i eiga.

23So lydde ordi hans: Det fjorde dyret tyder at eit fjorde rike skal koma upp på jordi, eit som skal vera ulikt alle hine riki; det skal gløypa heile jordi og trakka henne sund og krasa henne.

24Og dei ti horni tyder at det skal koma upp ti kongar i det riket, og etter dei skal det koma upp ein annan konge, som skal vera ulik dei som var fyre han, og som skal slå ned tri kongar

25og tala ord mot den Høgste og fara fram med vald mot dei heilage åt den Høgste; han skal setja seg fyre å skifta um heilage tider og lov, og dei skal gjevast i hans hand ei tid og tider og ei halv tid.

26Men so vert retten sett, og veldet skal verta teke frå han, so han skal utrydd og tynt for alle tider.

27Og riket og veldet og makti yver alle rike under himmelen skal verta gjeve til det folket som er dei heilage åt den Høgste; riket som det fær, skal vera eit æveleg rike, og alle makter skal tena og lyda det.

28Her sluttar fråsegni mi. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, og eg skifte leter i andletet; men eg gøymde i hjarta mitt det som eg hadde høyrt og set.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Daniel 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.