Daniel 8NO1938N

1I det tridje året av kongedømet åt Belsasar, fekk eg, Daniel, sjå ei syn, ei som kom etter den eg fyrr hadde set.

2Då eg hadde denne syni, tykte eg at eg var i Susanborgi i Elamfylket, og då eg såg meir til i syni, tykte eg at eg var attmed Ulaielvi.

3Då eg såg upp, fekk eg sjå ein ver som stod framanfor elvi; han hadde tvo horn, og båe horni var høge, men det eine høgre enn hitt, og det høgste skaut sist upp.

4Eg såg veren stanga vestetter og nordetter og sudetter, og inkje dyr kunde standa seg mot han, og ingen kunde berga or hans vald; veren for fram som han vilde, og tedde seg ovmodig.

5Og då eg gav meir gaum, fekk eg sjå ein bukk som kom vestantil og for fram yver all jordi, men so at han ikkje kom nær marki; og bukken hadde eit drusteleg horn i skallen.

6Han kom burt til veren med dei tvo horni, den som eg såg framanfor elvi, og for imot han i si styrlause kraft.

7Eg såg korleis han kom tett inn på veren og rauk på han i sinne og stanga han og braut sund båe horni hans, og veren hadde ingi makt til å standa seg imot han; og han kasta han til jordi og trakka på han, og det fanst ingen som kunde berga veren or hans vald.

8Og bukken vart ovende mektig; men just som han stod i si beste makt, vart det store hornet avbrote, og i staden skaut det upp fire andre drustelege horn, som peika mot dei fire himmelættene.

9Frå eitt av dei skaut det ut eit nytt horn, som var lite i fyrstningi, men sidan voks uhorveleg sudetter og austetter og mot det fagre landet.

10Det voks ende upp til himmelheren og kasta nokre av denne heren - av stjernone - ned på jordi og trakka på dei.

11Ja, jamvel mot hovdingen yver heren briska det seg; det tok ifrå han det daglege offeret, og hans heilagdoms bustad vart nedriven.

12Saman med det daglege offeret vart heren yvergjeven til tyning for fråfallet skuld; hornet slo sanningi til jordi, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg til.

13So høyrde eg ein av dei heilage tala; og ein annan heilag spurde han som tala: Kor lang tid gjeld ho for, syni um det daglege offeret og um fråfallet som valdar tyning - at både heilagdom og her vert nedtrakka?

14Då sa han til meg: Tvo tusund og tri hundrad kveldar og morgnar; so skal heilagdomen koma til retten sin att.

15Då no eg, Daniel, såg denne syni, freista eg å skyna henne; då stod det brått framfor meg ein skapnad som liktest ein mann,

16og midt yver Ulai høyrde eg ei mannerøyst som ropa: Gabriel, tyd syni synet for han!

17So kom han dit som eg stod, og då han kom, vart eg redd og kasta meg å gruve; og han sa til meg: Gjev gaum på ordi mine, menneskeson! For syni siktar på endetidi.

18Medan han tala med meg, seig eg i uvit med andletet mot jordi; men han tok i meg, reiste meg upp att

19og sa: No vil eg kunngjera deg kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for synet siktar på endetidi.

20Veren som du såg, den med dei tvo horni, det er kongane i Media og Persia.

21Den raggute bukken er kongen i Grekarland, og det store hornet i skallen hans, er den fyrste kongen.

22Og at dette hornet vart avbrote, og det kom fire andre att i staden, det tyder at det skal verta fire kongerike av folket hans, men ikkje med hans kraft.

23Men ved slutten av veldet deira, når illgjerdsmennene hev fyllt syndemålet sitt, skal det koma upp ein konge, ubljug og meinsløg.

24Veldet hans skal verta stort, men ikkje ved hans eigi kraft, og han skal gjera utruleg stor skade og hava lukka med seg i alt det han tek seg til; han skal tyna mektige hovdingar og eit folk av heilage.

25Med di han er so klok, skal han hava heppa med seg i svikarferdi si; han skal ovmoda seg i hjarta, og uventande skal han tyna mange; ja, mot hovdingen yver hovdingane skal han setja seg upp, men menns hand skal han då verta krasa.

26Og sanning er syni um kveldane og morgnane, som vert umtala. Men gøym du denne syni, for det peikar langt fram i tidi.

27Men eg, Daniel, vart reint maktlaus og låg sjuk ei tid. Sidan kom eg meg på føtene att og gjorde mi tenesta hjå kongen; eg var forstøkt yver syni, men det var ingen som skyna det.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Daniel 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.