1Og Darius frå Media tok imot riket; han var då tvo og seksti år gamal.
2Darius fann for godt å setja eit hundrad og tjuge satrapar yver riket; dei skulde bu rundt ikring i heile riket.
3Yver dei sette han tri riksrådar, og av dei var Daniel den eine; for dei skulde satrapane gjera rekneskap, so kongen ikkje skulde lida noko tap.
4Men Daniel merkte seg ut framfor hine riksrådane og satrapane, av di det var ei makelaus ånd i han, og kongen tenkte på å setja han yver heile riket.
5Då leita riksrådane og satrapane etter skuld hjå Daniel i det som kom riksstyringi ved, men dei kunde ingi skuld finna, eller noko som var rangt, med di han var trugen i tenesta si; det fanst ingi misferd og inkje rangt hjå han.
6So sa mennene: Me finn ingi skuld hjå denne Daniel, minder det skulde lata seg gjera å finna noko å klaga han for i gudsdyrkingi hans.
7Då styrmde desse riksrådane og satrapane inn til kongen og sa til han: Kong Darius leve æveleg!
8Alle riksrådane og jarlane og satrapane, rådsherrane og landshovdingane hev samrådt seg um at det burde verta gjeve eit kongeleg påbod og ferda ut eit strengt forbod, at den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal verta kasta i løvegropi, kven det so er.
9So ferda no ut eit sovore forbod, konge, og lat det verta sett upp skriftleg, so det ikkje kann verta avlyst, etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.
10I samhøve med dette let kong Darius setja upp eit skriv med eit sovore forbod.
11Men so snart Daniel fekk vita at skrivet var uppsett, gjekk han inn i huset sitt; Der hadde han på øvre salen sin opne vindaugo som vende mot Jerusalem. Der fall han tri gonger um dagen på kne og bad og takka Gud, plent som han fyrr hadde gjort.
12Då styrmde mennene inn og kom på Daniel medan han bad og kalla på sin Gud.
13So gjekk dei fram for kongen og spurde med tanke på det kongelege forbodet: Hev du ikkje late setja upp eit forbod, at kvar det er som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal verta kasta i løvegropi? Kongen svara: Jau, det ordet stend fast etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.
14Då tok dei til ords sa der dei stod framfor kongen: Daniel, ein av dei jødiske fangane, aktar korkje på deg, konge, eller på det forbodet som du hev late setja upp, men held si bøn tri gonger um dagen.
15Då kongen høyrde det, vart han ovleg sorgfull og tenkte på korleis han skulde kunna berga Daniel; alt til soleglad mødde han seg med å leita etter ein utveg til å hjelpa han.
16Då ågjekk mennene kongen og sa til han: Kongen må vita at det er ei lov hjå medarar og persarar at ikkje noko forbod eller påbod som kongen ferdar ut, kann brigdast.
17So baud kongen at dei skulde henta Daniel og kasta han i løvegropi. Og kongen tok til ords og sa til Daniel: Din Gud, som du ideleg dyrkar, han frelsa deg!
18So henta dei ein stein og la han attyver grop-opningi, og kongen forsigla han med sin eigen seglring og seglringen åt stormennene sine, so det ikkje skulde verta gjort noko um att i det som hadde hendt med Daniel.
19Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt og fasta heile natti; han let ingi av fylgjekonone sine koma inn til seg, og han fekk ikkje blund på augo.
20Tidleg um morgonen, i lysingi, reis kongen upp og skunda seg til løvegropi.
21Og då han var nær burtåt gropi komen, ropa han på Daniel med sorgfull røyst. Han tok til ords og sa til Daniel: Daniel, du tenar åt den levande Gud, må tru din Gud, som du so ideleg hev dyrka, hev kunna berga deg frå løvone?
22Då svara Daniel kongen: Kongen leve æveleg!
23Min Gud sende engelen sin og let att gapet på løvone, so dei ingen skade hev gjort meg; for eg er funnen saklaus for han, og ikkje mot deg heller, konge, hev eg forbrote meg.
24Då vart kongen ovleg glad og baud at dei skulde draga Daniel upp or gropi; og då Daniel var dregen upp, kunde dei ingen skade finna på han; for han hadde trutt på sin Gud.
25Sida baud kongen at dei skulde henta dei mennene som hadde klaga Daniel, og både dei og borni og konone deira vart kasta i løvegropi; og endå fyrr dei var komne til botnar i gropi, rauk løvone på dei og krasa kvart beinet i dei.
26Etter dette skreiv kong Darius til alle folk og ætter og tungemål som fanst på heile jordi: Heil og sæl!
27Med dette gjev eg det bodet at folket i heile mitt rike, so vidt som det rekk, skal skjelva for Daniels Gud og ottast han; for han er den levande Gud, som skal vera i all æva; hans rike kann ikkje øydast, veldet hans varer alt til enden.
28Han bergar og friar ut og gjer teikn og under i himmelen og på jordi - han som berga Daniel or løve-vald.
29Og Daniel vart æra og hadde lukka med seg både medan Darius styrde og då Kyros vart konge.