Colossians 4NO1938N

1De herrar, gjer imot tenarane dykkar som rett og rimeleg er, for de veit at de og hev ein herre i himmelen!

2Ver trottuge i bøni, so de vaker i henne med takksegjing!

3Og bed for oss med, at Gud må opna oss ei dør for ordet so me kann forkynna Kristi løyndom, den som eg og er i lekkjor for,

4so eg kann openberra han so som eg bør tala.

5Ferdast visleg med dei som er utanfor, so de kjøper den laglege tid!

6Lat talen dykkar alltid vera tekkeleg, krydda med salt, so de veit korleis de skal svara kvar og ein.

7Korleis det gjeng meg, det skal Tykikus kunngjera dykk alt saman, han min kjære bror og trugne hjelpar og medtenar i Herren,

8som eg sender til dykk just for dette, so de skal få vita korleis det er med oss, og so han skal trøysta dykkar hjarto,

9saman med Onesimus, den trugne og kjære bror, som er frå dykkar by. Korleis det er her, det skal dei kunngjera dykk alt saman.

10Aristarkus, min medfange, helsar dykk, og Markus, syskenbarnet åt Barnabas, som de fekk påbod um - når han kjem til dykk, so tak imot han! -

11og Jesus som hev tilnamnet Justus; desse er av dei umskorne dei einaste medarbeidarar for Guds rike som hev vorte meg til hugge.

12Epafras helsar dykk, han som er frå dykkar by, ein Kristi Jesu tenar som alltid strider for dykk i sine bøner, at de må standa fullkomne og fullvisse i all Guds vilje;

13for eg gjev han det vitnemålet at han hev mykje strev for dykk og dei i Laodikea og dei i Hierapolis.

14Lukas helsar dykk, den kjære lækjaren, det same gjer Demas.

15Helsa brørne i Laodikea, og Nymfas og kyrkjelyden i hans hus!

16Og når dette brevet er lese hjå dykk, so syt for at det og vert lese i kyrkjelyden hjå laodikearane, og at de får lesa brevet frå Laodikea!

17Og seg til Arkippus: Tak vare på den tenesta som du hev motteke i Herren, so du fullfører henne!

18Helsing med mi, Paulus', hand: Kom i hug lekkjone mine! Nåden vere med dykk!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Colossians 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.