1 Thessalonians 1NO1938N

1Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud Fader og Herren Jesus Kristus: Nåde vere med dykk og fred!

2Me takkar alltid Gud for dykk alle når me kjem dykk i hug i bønene våre,

3med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn;

4for me er visse på at de er utvalde, brør, de som er elska av Gud.

5For vårt evangelium kom ikkje til dykk berre i ord, men og i kraft og i den Heilage Ande og i stor fullvissa, liksom de veit korleis me var millom dykk for dykkar skuld;

6og de vart våre etterfylgjarar, ja Herrens, med di de tok imot ordet i myki trengsla med gleda i den Heilage Ande,

7so de vart eit fyredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.

8For ifrå dykk hev Herrens ord ljoda ut; ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader er dykkar tru på Gud komi ut, so me ikkje treng tala noko um det;

9for dei fortel sjølve um oss kva inngang me fann hjå dykk, og korleis de vende dykk til Gud frå avgudane, til å tena den levande og sanne Gud

10og venta på Son hans frå himmelen, han som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Thessalonians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.