1 Thessalonians 2NO1938N

1For de veit sjølve, brør, um vår inngang hjå dykk, at han ikkje hev vore til fåfengs;

2men endå me fyreåt hadde lide og vorte ille medfarne i Filippi, som de veit, fekk me då frimod i vår Gud til å tala Guds evangelium til dykk i stor strid.

3For vår forkynning kjem ikkje av villfaring eller av urein hug, eller med svik;

4men liksom me er haldne verdige av Gud til å få evangeliet yverlate, soleis talar me, ikkje som dei som vil tekkjast menneske, men Gud, han som prøver hjarto våre.

5For korkje kom me med smeikjande ord, som de veit, eller med skalkeskjol for havesykja, Gud er vårt vitne,

6ikkje heller søkte me æra av menneske, korkje av dykk eller av andre, endå me kunde ha kravt vyrdnad som Kristi apostlar;

7men me var milde millom dykk: som ei mor vermer borni ved barmen,

8soleis var me i inderleg kjærleik til dykk viljuge til å gjeva dykk ikkje berre Guds evangelium, men og vårt eige liv, av di de vart oss kjære.

9For de minnest då, brør, vårt strev og vår møda: medan me arbeidde natt og dag, so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, forkynte me Guds evangelium for dykk.

10De er vitne, og Gud med, kor heilagt og rettferdigt og ulastande me ferdast hjå dykk, de truande,

11liksom de veit kor me påminte kvar og ein av dykk, som ein far borni sine, og la dykk på hjarta

12og bad dykk inderleg at de skulde ferdast so som verdig er for Gud, som hev kalla dykk til sitt rike og sin herlegdom.

13Og difor takkar me og uavlatande Gud for at då de fekk det Guds ord me forkynte, so tok de imot det, ikkje som eit menneskeord, men - som det i sanning er - eit Guds ord, som og tér seg verksamt i dykk som trur.

14For de, brør, hev vorte etterfylgjarar til dei Guds kyrkjelydar som er i Kristus Jesus i Judea; for de hev og lide det same av dykkar eigne landsmenn som dei hev lide av jødane,

15som og slo Herren Jesus og profetane i hel og forfylgde oss og ikkje er Gud til hugnad og stend alle menneske imot,

16med di dei meinkar oss i å tala til heidningane, so dei kann verta frelste - so dei alltid må fylla sitt syndemål. Men vreiden hev endeleg nått dei!

17Men då me, brør, ei liti stund hadde våre skilde frå dykk, med åsyn, ikkje med hjarta, so gjorde me oss i vår store lengting so mykje større umak for å få sjå dykkar åsyn,

18for di me gjerne vilde koma til dykk - eg, Paulus, både ein gong og tvo gonger - men Satan hindra oss.

19For kven er vel vår von eller vår gleda eller vår heiderskrans? Er ikkje de det og for vår Herre Jesu åsyn når han kjem att?

20For de er vår æra og gleda.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Thessalonians 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.