1Difor, då me ikkje lenger kunde halda det ut, rådde me oss til å verta åleine att i Aten,
2og me sende Timoteus, vår bror og Guds tenar i Kristi evangelium, for å styrkja dykk og påminna dykk um trui dykkar,
3at ikkje nokon måtte verta ustød i desse trengslone. De veit sjølve at me er sette til det;
4for då me var hjå dykk, sa me dykk fyreåt at me skulde koma til å lida trengslor, so som det og gjekk, og som de veit.
5Difor sende eg og bod, då eg ikkje lenger kunde halda det ut, so eg kunde få vita um dykkar tru, um freistaren skulde ha freista dykk og vårt arbeid skulde verta til unyttes.
6Men no då Timoteus er komen til oss frå dykk og hev bore oss godt bod um dykkar tru og kjærleik, og at de alltid hev oss i venleg minne og lengtar etter å sjå oss, liksom me lengtar etter dykk,
7so vart me då trøysta yver dykk, brør, i all vår naud og trengsla, ved dykkar tru.
8For no lever me, so framt de stend støde i Herren.
9For kva takk kann me gjeva Gud att for dykk, for all den gleda som me kjenner yver dykk for vår Guds åsyn,
10medan me natt og dag naudbed um å få sjå dykkar åsyn og bøta på det som endå vantar i dykkar tru?
11Men han, vår Gud og vår Fader, og vår Herre Jesus styre vår veg til dykk!
12Og dykk gjere Herren fullrådde og ovrike på kjærleik til kvarandre og til alle, liksom me er det mot dykk,
13for at han kann styrkja hjarto dykkar, og de vert ulastelege i heilagdom for vår Gud og Faders åsyn når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage!