1Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand!
2Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi!
3For de er hev døytt, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud.
4Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med han i herlegdom.
5So døyd då dykkar jordiske lemer: utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking!
6for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande;
7millom dei ferdast de og fordom, den tid de levde i desse ting;
8men no skal de og leggja dei alle av: vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn.
9Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev avklædt det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer,
10og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilete;
11her er ikkje grekar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri man, men Kristus er alt og i alle.
12Iklæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære, hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod,
13so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål mot noko; som Kristus tilgav dykk, soleis de og!
14Men attåt alt dette iklæd dykk kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!
15Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de og vart kalla til i EIN lekam, og ver takksame!
16Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud,
17og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han!
18De konor, ver mennene dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren!
19De menn, elska konone dykkar og ver ikkje beiske imot dei!
20De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er til hugnad for Herren.
21De fedrar, arga ikkje borni dykkar, so dei ikkje skal missa modet!
22De tenarar, ver lydige i alle ting mot herrane dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, som slike som strevar etter å tekkjast menneske, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren!
23Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneske,
24for de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus!
25For den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk.