Colossians 2NO1938N

1For eg vil at de skal vita kor stor strid eg hev for dykk og dei i Laodikea og so mange som ikkje hev set mitt andlet i kjøtet,

2for at hjarta deira må verta trøysta, so dei vert samanknytte i kjærleik og vinn fram til heile rikdomen av det fullvisse skyn, til kunnskap um Guds løyndom, det er Kristus,

3han som alle skattar av visdom og kunnskap finst løynde i.

4Dette segjer eg so ingen skal dåra dykk med lokkande tale.

5For um eg enn er fråverande i kjøtet, er eg like vel saman med dykk i åndi, og ser med gleda dykkar gode skipnad og den faste grunnen i dykkar tru på Kristus.

6Liksom de då fekk Kristus Jesus forkynt som Herre; so ferdast i han,

7so at de er rotfeste og vert uppbygde i han og stadfeste i trui, so som de lærde, rike på henne med takksegjing.

8Sjå til at det ikkje må vera nokon som gjer dykk til herfang med verdsleg visdom og tom dåring, etter fråsegner av menneske, etter barnelærdomen åt verdi og ikkje etter Kristus.

9For i han bur heile guddomsfylla lekamleg,

10og de er fyllt i han, som er hovudet for all makt og yverråd;

11i han vart de og umskorne med ei umskjering som ikkje er gjord med hender, ved avkleding av kjøtslekamen, ved Kristi umskjering,

12då de vart gravlagde med han i dåpen; der vart de og uppreiste med han ved trui på Guds kraft, han som reiste han upp frå dei daude.

13Ogso dykk, som var daude ved dykkar misgjerningar og dykkar kjøts fyrehud, gjorde han levande med han, med di han tilgav oss alle våre misgjerningar

14og strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bodord, det som vitna mot oss, og han rudde det undan med di han nagla det til krossen.

15Han avvæpna maktene og yverrådene og synte dei openberrleg fram, då han viste seg som sigerherre yver dei på krossen.

16Lat difor ingen døma dykk for mat eller drykk, eller i spursmål um høgtid eller nymåne eller sabbat!

17desse ting er berre ein skugge av det som skulde koma, men lekamen høyrer Kristus til.

18Lat ingen røva sigersprisen frå dykk, um nokon freistar på det med audmykt og engledyrking, med det han fer med syner, vert ovmodig utan grunn av sin kjøtlege hug

19og ikkje held fast ved hovudet, han som heile lekamen veks Guds vokster ut ifrå, tilhjelpt og samanfest ved sine ledmot og band.

20Hev de døytt med Kristus og soleis vorte frigjorde frå barnelærdomen åt verdi, kvi gjev dei dykk då, som um de skulde leva i verdi, slike bod:

21Du skal ikkje taka, ikkje smaka, ikkje røra

22- det vil segja slikt som alt saman er etla til øyding ved bruk - etter bod og lærdomar av menneske,

23som vel hev visdom ved sjølvgjord dyrking og audmykt og vyrdløysa mot lekamen, men ikkje ved noko som er æra verdt, berre til mette for kjøtet?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Colossians 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.