1Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må hava framgang og koma til æra liksom hjå dykk,
2og at me må verta utfria frå dei ulikelege og vonde menneske; for trui er ikkje kvar manns sak.
3Men Herren er trufast; han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.
4Me hev den tiltru til dykk i Herren at de både gjer og kjem til å gjera det som me byd dykk.
5Og Herren styre dykkar hjarto til å elska Gud og til å venta på Kristus med tolmod!
6Men me byd dykk, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn at de held dykk burte frå kvar ein bror som ferdast uskipeleg og ikkje etter den lærdomen som dei fekk av oss.
7For de veit sjølve korleis de skal etterfylgja oss; for me levde ikkje uskipeleg millom dykk;
8me åt ikkje heller brød hjå nokon for inkje, men i strev og møda arbeidde me natt og dag; so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla;
9ikkje for at me ikkje hev rett til det, men at me kunde gjeva dykk eit fyredøme i oss sjølve, so de skulde etterfylgja oss;
10for då me var hjå dykk, baud me dykk og det at um nokon ikkje vil arbeida, skal han heller ikkje eta.
11For me høyrer at sume millom dykk ferdast uskipeleg og ikkje arbeider, men fer med slikt som ikkje kjem dei ved.
12Men slike byd og påminner me i Herren Jesus Kristus at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød.
13Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som rett er!
14Men um nokon ikkje lyder vårt ord her i brevet, so merk dykk han, so han må blygjast,
15og haldt han ikkje for ein fiende, men påminn han som ein bror.
16Men han, fredens Herre, gjeve dykk fred alltid, i alle måtar. Herren vere med dykk alle!
17Helsing med mi, Paulus' hand; dette er eit merke i kvart brev; soleis skriv eg:
18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!