1 Timothy 1NO1938N

1Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von

2- til Timoteus, min ektefødde son i trui: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!

3Som eg bad deg vera att i Efesus då eg for til Makedonia, so du skulde bjoda sume folk at dei ikkje skulde fara med framand læra

4og ikkje ansa eventyr og endelause ættetavlor, som heller fører til strid enn til å vera Guds hushaldarar i trui - so bed eg deg no og.

5Men endemålet med dette bodet er kjærleik av eit reint hjarta og eit godt samvit og ei uskrymta tru.

6Frå dette hev sume fare vilt og vendt seg burt til tomt svall,

7med di dei vil vera lovlærarar, endå dei korkje skynar det dei sjølve segjer eller dei ting dei talar so fullvist um.

8Men me veit at lovi er god dersom nokon brukar henne på lovleg vis,

9so han veit dette at lovi ikkje er sett for ein rettferdig, men for lovlause og agelause, ugudlege og syndarar, vanheilage og ureine, fadermordarar og modermordarar, dråpsmenn,

10horkarar, syndarar mot naturi, menneskerøvarar, ljugarar, meineidarar, og alt anna som er imot den heilsame læra,

11etter evangeliet um den sæle Guds herlegdom, det som er meg yverlate.

12Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, at han heldt meg får tru, med di han sette meg til tenesta,

13meg som fyrr var ein spottar og forfylgjar og valdsmann; men eg fekk miskunn, av di eg gjorde det uvitande i vantru,

14og vår Herres nåde vart ovleg stor med tru og kjærleik i Kristus Jesus.

15Truverdigt er det ordet og vel verdt å taka imot, at Kristus Jesus kom til verdi for å frelsa syndarar, og millom dei er eg den største;

16men difor fekk eg miskunn, at Jesus Kristus kunde syna alt sitt langmod på meg fyrst, til eit fyredøme for dei som skulde tru på han til æveleg liv.

17Men den ævelege konge, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, vere æra og pris i all æva! Amen.

18Dette bodet yvergjev eg deg, min son Timoteus, etter dei profetord som fyrr er sagde um deg, so du ved dei skal du strida den gode striden,

19med di du hev tru og eit godt samvit; det hev sume støytt ifrå seg og lide skipbrot på trui;

20imillom dei er Hymeneus og Aleksander, som eg hev gjeve yver til Satan, so dei skal verta tukta til å lata vera å spotta.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Timothy 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.