1 Timothy 2NO1938N

1So påminner eg då framfor alle ting um at det vert gjort bøner, påkallingar, forbøner, takksegjingar for alle menneske,

2for kongar og alle dei som er i yverrådande stand, so me kann leva eit stilt og roleg liv i gudlegdom og søma.

3For dette er godt og tekkeleg for Gud, vår frelsar,

4han som vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanningi.

5For det er EIN Gud og EIN millommann millom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus,

6han som gav seg sjølv til løysepening for alle, eit vitnemål i si tid;

7og for dette vart eg sett til forkynnar og apostel - eg segjer sanning, eg lyg ikkje - ein lærar for heidningane i tru og sanning.

8Eg vil då at mennene på kvar stad skal beda so at dei lyfter heilage hender, utan vreide og tretta;

9like eins og at kvinnone skal pryda seg med sømeleg klædnad, i blygd og æra, ikkje med flettingar og gull eller perlor eller dyr klædebunad,

10men som det sømer seg kvinnor som vedkjenner seg gudlegdom, med gode gjerningar.

11Ei kvinna skal lata seg læra i stilla, med all lydnad;

12men eg gjev ikkje ei kvinna lov til å vera lærar eller å bjoda yver mannen, ho skal vera i stilla.

13For Adam vart skapt fyrst, og so Eva;

14og Adam vart ikkje dåra, men kvinna vart dåra og fall i misgjerning.

15Men ho skal verta frelst gjenom si barneign, um dei vert standande i tru og kjærleik og helging med søma.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Timothy 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.