1 Timothy 3NO1938N

1Det er eit truverdig ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembete, so hev han lyst til ei gjæv gjerning.

2Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, edrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg,

3ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, men godlyndt, ikkje stridsam, ikkje pengekjær,

4ein som styrer sitt eige hus vel, og hev lydige born med all søma

5- men um ikkje nokon veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? -

6ikkje ein ny-umvend, so han ikkje skal ovmoda seg og falla i djevelens dom.

7Men han skal og hava godt vitnemål av dei som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara.

8Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning,

9slike som eig løyndomen i trui i eit reint samvit.

10Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena i kyrkjelyden, um dei er ulastande.

11Like eins skal kvinnone vera vyrdelege, ikkje baktalande, edruelege, true i alle ting.

12Tenarane for kyrkjelyden skal vera mann til EI kona, og styra vel sine born og sine eigne hus.

13For dei som hev vore gode tenarar i kyrkjelyden, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus.

14Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma snart til deg,

15men um eg drygjer, at du då kann vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, pilaren og grunnvollen åt sanningi.

16Og som kvar må sanna, stor er den løyndomen i gudlegdomen: Han som vart openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sedd av englar, forkynt millom folkeslag, trudd i verdi, uppteken i herlegdom.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Timothy 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.