1Me bed dykk, brør, vedkomande vår Herre Jesu Kristi tilkoma og vår sameining med han,
2at de ikkje so snart må lata dykk villa burt frå vitet eller skræma, korkje ved nokor ånd eller ved nokor tale eller av noko brev, liksom det skulde vera frå oss, som um Herrens dag alt stod for døri.
3Lat ingen dåra dykk på nokon måte! for fyrst lyt fråfallet koma, og syndmennesket verta openberra, fortapingssonen,
4han som set seg imot og upphøgjer seg yver alt som heiter gud eller heilagdom, so han set seg i Guds tempel og gjev seg sjølv ut for å vera Gud.
5Minnest de ikkje at eg sa dykk dette medan eg endå var hjå dykk?
6Og no veit de kva som held att, so han fyrst skal verta openberra i si tid.
7For løyndomen i lovløysa er alt verksam, berre at den som no held att, vert rudd undan;
8og då skal den lovlause verta openberra, han som Herren Jesus skal tyna med sin munns ande og gjera til inkjes ved openberringi av si tilkoma.
9Og hans tilkoma gjeng fyre seg, etter Satans kraftige verknad, med all kraft og teikn og under av lygni,
10og med all dåring av urettferdi for dei som vert fortapte, av di dei ikkje tok imot kjærleik til sanningi, so dei kunde verta frelste.
11Og difor sender Gud dei kraftig villfaring, so dei trur lygni,
12so alle dei skal verta dømde som ikkje hev trutt sanningi, men havt hugnad i urettferdi.
13Men me skyldar å takka Gud alltid for dykk, brør, de som er elska av Herren, for di Gud frå upphavet valde dykk ut til frelsa, ved helging av Anden og tru på sanningi,
14som han kalla dykk til ved vårt evangelium, so de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.
15Difor, brør, stat traust og hald fast ved dei lærdomar som de hev lært anten ved vår tale eller i brev frå oss!
16Og han vår Herre Jesus Kristus og Gud vår Fader, som elska oss og gav oss ei æveleg trøyst og ei god von i nåde,
17han trøyste dykkar hjarto og styrke dykk i all god gjerning og tale!