2 Thessalonians 1NO1938N

1Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane, i Gud, vår Fader og Herren Jesus Kristus:

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!

3Me skyldar å takka Gud alltid for dykk, brør, som rett er, for di dykkar tru veks rikleg, og kjærleiken de hev til kvarandre, vert større hjå kvar og ein av dykk alle,

4so at me sjølve rosar oss av dykk i Guds kyrkjelydar for dykkar tolmod og tru i alle dykkar forfylgjingar og dei trengslor som de held ut

5- eit fyrebod um Guds rettferdige dom - so de skal verta funne verdige til Guds rike, det som de og lid for,

6so visst som det er rettferdig for Gud å gjeva dei trengsla att som trengjer dykk,

7og gjeva dykk som vert trengde, ro saman med oss, når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar,

8med logande eld, når han tek hemn yver dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje lyder vår Herre Jesu evangelium,

9dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burte frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom,

10når han kjem på den dagen og vil syna seg herleg i sine heilage og underfull i alle dei truande - for vårt vitnemål til dykk vart motteke med tru.

11Difor bed me og alltid for dykk at vår Gud må finna dykk verdige til kallet og kraftigt fylla dykk med all hug til det gode og verksemd i trui,

12so vår Herre Jesu namn må verta herleggjort i dykk, og de i han, etter vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Thessalonians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.