1Etter Saul hadde slokna, gjekk det so til at då David hadde vunne yver amalekitane og var komen heim att til Siklag, heldt han seg i ro der tvo dagar.
2Tridje dagen fekk dei sjå ein mann som kom springande med sundrivne klæde og mold på hovudet; han kom frå Saulslægret, og då han nådde fram til David, kasta han seg å gruve for han.
3David spurde han: Kvar kjem du ifrå? Han svara: Frå Israelslægret; eg fekk berga meg undan.
4Då sa David til han: Korleis hev det gjenge? Seg meg det! Han svara: Folket rømde or striden; mange av dei var det og som stupte og miste livet; Saul og Jonatan, son hans, miste livet dei med.
5So sa David til sveinen - han som kom med tidendi -: Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er falne?
6Tidendsveinen svara: Det høvde so til at eg kom upp på Gilboafjellet; der fekk eg sjå Saul, korleis han stod og studde seg til spjotet sitt, medan vognene og hestfolket sette hardt inn på han.
7Best det var, snudde han seg, og då han vart var meg, ropa han på meg. Eg svara: Ja, her er eg.
8So spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er ein amalekit.
9Då sa han til meg: Kjære, kom hit og gjev meg banehogget! For krampen hev teke meg, men det er endå fullt liv i meg.
10So gjekk eg innåt og gav han banehogget; for eg visste han kunde ikkje leva lenger no når det var ute med han. So tok eg hovudgullet og armringen av han, og her kjem eg til deg med dei, herre.
11Då tok David og reiv sund klædi sine, og det same gjorde alle mennene som var med han.
12Og dei øya og gret og fasta alt til kvelden, for di Saul og Jonatan, son hans, og Herrens folk og Israels hus var falne for sverdet.
13Sidan sa David til sveinen - han som var komen med tidendi -: Kvar er du frå? Han svara: Eg er son åt ein innflytjar, ein amalekit.
14Då sa David: Korleis torde du våga å retta ut handi og taka livet av den som Herren hadde salva?
15So ropa han til ein av hersveinane sine: Kom hit og hogg han ned! Hersveinen slo han i hel,
16og David sa: Blodet ditt kome på ditt eige hovud; for din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg hev drepe den som Herren hadde salva.
17David kvad eit syrgjekvede yver Saul og Jonatan, son hans,
18og han sa at Juda-borni skulde læra det, «bogen» heiter det, og det er uppskrive i Boki åt den rettvise:
19Din prydnad, Israel, ligg drepen på haugane dine; ai ei, at kjempone laut falla!
20Fortel det ikkje i Gat, ber ikkje fagnadbod um det i Askalongatone, so ikkje filistardøtterne skal gleda seg og døtterne åt dei u-umskorne jubla!
21De Gilboafjell! Gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk, at der aldri må vera åkrar som ber offergåvor! For der vart helte-skjoldar sulka med blod, skjolden åt Saul, usmurd med olje.
22Frå blodet åt falne, frå kjøtet åt kjempor veik Jonatans boge aldri attende, aldri kom Sauls-sverdet att med ugjort.
23Saul og Jonatan, elskelege og milde i livet, dei vart ikkje skilde i dauden heller; snøggare var dei enn ørnar, sterkare var dei enn løvor.
24Israels døtter! Gråt for Saul, han som klædde dykk yndeleg i purpur og feste gullsylgjor på bunaden dykkar!
25Ai ei, at kjempone laut falla i striden! Jonatan ligg drepen på haugane dine!
26Sårt syrgjer eg deg, Jonatan, bror min! Du var meg so inderleg kjær; din kjærleik var meg dyrare enn kvinne-elsk.
27Ai ei, at kjempone laut falla, at båe stridssverdi laut øydast!