2 Samuel 2NO1938N

1Sidan spurde David Herren: Skal eg fara upp til ein av byane i Judalandet? Og Herren svara: Ja. So spurde David: Kvar skal eg taka vegen? Og Herren svara: Til Hebron.

2Då for David dit med båe konone sine, Akinoam frå Jisre'el og Abiga'il, enkja etter Nabal frå Karmel.

3Mennene sine - dei som fylgde han - hadde han og med seg, både dei og huslydane deira, og dei busette seg i byane kringum Hebron.

4Då kom Juda-mennene dit og salva David til konge yver Juda-ætti. Då David fekk høyra at det var folket i Jabes i Gilead som hadde gravlagt Saul,

5sende han bod til Jabes-buane med sovorne ord: Herren velsigne dykk for di de hev gjort sælebot på Saul, herren dykkar, og bore han til gravi!

6So vise då Herren dykk miskunn og truskap! Og eg vil og gjera vel mot dykk, for di de hev gjort dette.

7Ver då uredde og far fram på kara vis! For Saul, herren dykkar, er nok burte, men Juda-ætti hev og salva meg til konge yver seg.

8Men Abner Nersson, herhovdingen åt Saul, tok Isboset, son åt Saul, med seg yver til Mahana'im

9og gjorde han til konge yver Gilead og yver asuritane og yver Jisre'el, og Efra'im og Benjamin, og yver heile Israel.

10Isboset Saulsson var fyrti år gamal då han vart konge yver Israel, og han rådde for riket i tvo år. Det var berre Juda-ætti som heldt seg til David.

11Og heile den tidi David var konge i Hebron yver Juda-ætti, var sju år og seks månader.

12Abner Nersson tok ut frå Mahana'im med sveinane åt Isboset Saulsson og for til Gibeon.

13Joab, son åt Seruja, og sveinane åt David drog og ut. Båe flokkane møttest ved Gibeontjørni og slo seg ned på kvar si sida av tjørni.

14Då sa Abner åt Joab: Skal me ikkje lata gutane stiga fram og halda ein våpenleik for oss? Joab svara: Jau, lat dei det!

15So reis dei upp og gjekk fram, so mange som skulde: tolv for Benjamins-ætti og Isboset Saulsson og tolv av sveinane åt David.

16Dei treiv kvarandre i hovudet og rende sverdi i sida på kvarandre, so dei stupte alle saman. Sidan hev denne staden vore kalla Helkat-Hassurim; han ligg ved Gibeon.

17Det vart ein ovhard strid den dagen, og Abner og Israels-mennene tapte for sveinane åt David.

18Dei tri Seruja-sønene, Joab og Abisai og Asael, var og med der. Asael var lettføtt som ei hind i heidi;

19han sette etter Abner og bøygde ikkje av korkje til høgre eller vinstre, men heldt seg heile tidi i hælane på han.

20Abner snudde seg og sa: Er det du, Asael? Han svara: Ja.

21Då sa Abner til han: Bøyg av til kva sida du vil! Grip einkvar av sveinane og tak herklædi og våpni hans! Men Asael vilde ikkje lata vera å elta han.

22Abner tala til han endå ein gong og sa: Haldt upp å elta meg! Vil du kann henda eg skal slå deg i bakken? Korleis skulde eg då kunna sjå Joab, bror din, i augo?

23Men han vilde ikkje halda upp. Då rende Abner bakenden av spjotet inn i buken hans, so det gjekk ut gjenom ryggen, og han stupte daud på flekken. Alle som kom til den staden der Asael hadde stupt og døytt, stana eit bel.

24Men Joab og Abisai heldt på og elte Abner. Då soli var gladd, kom dei til Ammahaugen, som ligg beint imot Giah, der vegen gjeng til Gibeonsøydemarki.

25Då samla Benjamins-borni seg i ein flokk attum Abner og tok støde på toppen av ein haug.

26Og Abner ropa til Joab: Skal sverdet aldri halda upp å herja? Skynar du ikkje at dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du drygja fyrr du segjer til folki dine at dei skal halda upp å elta brørne sine?

27Joab svara: So visst som Gud lever: Hadde du ingen ting sagt, so skulde folki mine ha fare burt alt frå morgonen, so ingen hadde elt bror sin.

28So bles Joab i luren, og alle folki hans stana; dei elte ikkje Israels-mennene lenger og heldt ikkje fram med striden.

29Abner og mennene hans gjekk gjenom moane heile natti; so sette dei yver Jordan og for gjenom heile Bitron og kom til Mahana'im.

30Då Joab hadde halde upp å elta Abner, samla han alle folki sine. Då vanta det nittan mann av Davids-sveinane umfram Asael.

31Men Davids-sveinane hadde av Benjamins-ætti og millom Abners folk felt tri hundrad og seksti mann.

32Dei tok Asael med seg og sette han ned i gravi åt far hans i Betlehem. Heile natti gjekk dei, Joab og mennene hans, og kom til Hebron i dagrenningi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.