1Filistarane gjekk på i striden mot Israel. Israels-mennene rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboafjellet.
2Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan og Abinadab og Malkisua, Sauls-sønene.
3Striden vart hard ikring Saul; bogeskyttarane kom yver han, og han vart so redd skyttarane at han skalv.
4Då sa han til våpensveinen sin: Drag sverdet ditt og renn det igjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og stinga meg i hel og skamfara meg! Men våpensveinen vilde ikkje gjera det - han torde ikkje. So tok Saul sverdet sitt og stupte seg på det;
5og då våpensveinen såg at han var slokna, stupte han seg og på sitt sverd og fylgde Saul i dauden.
6Soleis døydde Saul og dei tri sønene hans og våpensveinen og alle mennene hans på ein og same dagen.
7Og då Israels-mennene som budde på hi sida av dalen, og dei som budde på Jordansida, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut og rømde frå byane sine, og filistarane kom og slo seg ned der.
8Dagen etter kom filistarane og vilde rana det dei falne hadde på seg. Då fann dei Saul og dei tri sønene hans liggjande på Gilboafjellet.
9Dei hogg hovudet av han og rana våpni hans og sende dei ikring i Filistarlandet, alt medan dei bar ut fagnadbodet i avgudstempli deira og for folket.
10Våpni hans la dei i Astarte-templet, og lekamen hengde dei upp på muren i Betsan.
11Då mennene i Jabes i Gilead fekk spurt kva filistarane hadde gjort med Saul,
12tok dei i veg, alle som våpnføre var, og gjekk heile natti; dei tok liki av Saul og sønene hans ned av muren i Betsan, for so til Jabes og brende dei der.
13Beini deira tok dei og gravla under tamariska i Jabes, og sidan heldt dei fasta i sju dagar.