1Då David og mennene hans tridje dagen kom til Siklag, hadde amalekitane brote inn både i sudlandet og i Siklag. Siklag hadde dei herja og brent,
2og kvinnone og alt folket som var der, både unge og gamle, hadde dei rana; dei hadde ikkje drepe nokon, men drive dei burt og fare sin veg.
3Då no David og mennene hans kom heim og såg at byen var uppbrend, og at konone og sønene og døtterne deira var hertekne,
4då brast dei i gråt, både David og folket som fylgde han, og dei gret til dei ikkje orka å gråta meir.
5Båe konone åt David, Akinoam frå Jisre'el og Abiga'il, enkja etter Nabal frå Karmel, var og hertekne,
6og sjølv kom David i stor vande; for folket sa at dei vilde steina han, so harme og sutfulle var dei alle saman av di dei hadde mist sønene og døtterne sine. Men han søkte styrke hjå Herren sin Gud.
7Og David sa til Abjatar Akimeleksson, presten: Kom hit med messehakelen! So kom Abjatar med messehakelen,
8og David spurde Herren: Skal eg setja etter desse ransmennene? Kann eg nå dei att? Herren svara: Set etter dei! Du når dei nok, du bergar fangane!
9So tok David i vegen med dei seks hundrad mann som fylgde han, og dei kom til Besorbekken. Der vart nokre av dei att;
10David sette etter fienden med fire hundrad mann, men tvo hundrad mann vart att - dei var for trøytte til å ganga yver Besorbekken.
11Um eit bel fann dei ein egyptisk mann som låg på marki; dei tok han med seg til David og gav han mat, so han fekk eta, og let han få vatn å drikka;
12sidan gav dei han eit stykke fikenkaka og tvo rosinkakor. Då han so hadde ete, livna han til att; for han hadde ikkje fenge anten mat eller drikka på tri jamdøger.
13David spurde han: Kven høyrer du til, og kvar er du frå? Han svara: Eg er ein egyptisk gut og tener hjå ein amalekit. Husbonden min gjekk frå meg her av di eg vart sjuk; det er no tri dagar sidan.
14Me hadde herja i sudlandet, både i Kretareigni og i Judaeigni og i Kalebseigni, og Siklag hadde me brent.
15David spurde: Vil du syna meg veg ned til desse ransmennene? Guten svara: Vil du sverja meg ved Gud at du ikkje skal drepa meg og ikkje gjeva meg i hendene på herren min, so skal eg syna deg vegen ned til desse ransmennene du talar um.
16So fylgde han David dit dei var, og han fekk sjå korleis dei låg spreidde utyver all marki og åt og drakk og heldt gjestebod på det store herfanget dei hadde teke i Filistarlandet og Judalandet.
17David hogg dei ned og heldt på frå skumingi til andre kvelden; ingen av dei fekk kome seg undan, so nær som fire hundrad unge menner som kasta seg på kamelane og rømde.
18Soleis berga David alt det som amalekitane hadde teke; båe konone sine berga han og.
19Dei sakna ikkje eit liv, korkje ung eller gamal, korkje søner eller døtter, ikkje noko av herfanget heller og det dei elles hadde teke med seg; David kom att med alt saman.
20Alt feet, både smått og stort, tok han og med seg; og drivarane gjekk fyre buskapen og ropa: Dette er herfanget åt David!
21Då David kom til dei tvo hundrad mann som hadde vore for trøytte til å fylgja han, og som han hadde late vera att ved Besorbekken, kom dei ut imot David og herfolket som var med han, og sjølv gjekk han burtåt dei og helsa.
22Då var det nokre vonde og illtenkte menner i fylgjet hans som tok til ords og sa: Etter di dei ikkje var med oss, vil me ikkje gjeva dei noko av herfanget som me hev berga; berre konone og borni sine lyt dei alle få med seg når dei fer heim.
23Men David svara: Far ikkje soleis åt, brørne mine, med det som Herren hev gjeve oss; han hev berga oss og hjelpt oss til å få tak i ransmennene som kom yver oss.
24De fær ingen til å halda med dykk i dette. Nei, den som drog ut i striden, skal ikkje hava større lut av herfanget enn den som vart att og tok vare på tyet; dei skal skifta likt.
25Og soleis vart det frå den dagen og framigjenom - han gjorde det til lov og rett i Israel, som det er på denne dag.
26Då David kom til Siklag, sende han noko av herfanget til styresmennene i Juda, dei som var venene hans, med dei ordi: Sjå her er ei gåva til dykk av herfanget som eg hev teke frå Herrens fiendar -
27til dei i Betel sende han, og til dei i Ramot-Negeb og i Jattir
28og Aroer og Sifmot og Estemoa
29og Rakal og til dei i jerahme'elitarbyane og i kenitarbyane
30og til dei i Horma og Kor-Asan og Atak
31og Hebron, og til alle andre stader der han og mennene hans hadde vanka.