1Elisa, profeten, ropa på ein av profetsveinane og sa til han: Bind beltet um livet, tak denne oljekrukka i handi og gakk til Ramot i Gilead!
2Når du kjem dit, so sjå til at du finn Jehu, son åt Josafat Nimsison! Gakk inn og bed han reisa seg der han sit millom brørne sine, og før han inn i inste romet!
3Tak so oljekrukka og renn oljen ut på hovudet hans og seg: So segjer Herren: Eg hev salva deg til konge yver Israel! Med so gjort skal du lata upp døri og ikkje drygja, men røma din veg.
4So gjekk sveinen - den unge profeten - til Ramot i Gilead.
5Då han kom fram, såg han at herhovdingane sat der saman. So sa han: Eg hev ei ærend til deg, hovding! Jehu sa: Kven av oss? - me er mange. Han svara: Til deg, hovding!
6So reiste Jehu seg og gjekk inn i huset; og profetsveinen rende oljen ut på hovudet hans og sa til han: So segjer Herren, Israels Gud: Eg hev salva deg til konge yver Herrens folk, yver Israel.
7Du skal gjera ende på ætti åt Akab, herren din; for eg vil hemna blodet åt profetane, tenarane mine, på Jesabel, ja, blodet åt alle Herrens tenarar vil eg hemna på henne.
8Heile Akabs hus skal ganga til grunns; eg vil rydja ut kvar karmann i ætti hans, både myndige og umyndige i Israel.
9Eg vil gjera med Akabs hus som med huset åt Jeroboam Nebatsson og med huset åt Baesa Akiasson.
10Og Jesabel skal hundane eta upp på Jisre'elsbøen; ingen skal jorda henne. Med so sagt let han upp døri og rømde sin veg.
11Då Jehu kom ut att til mennene åt herren hans, spurde dei han: Er noko på ferda? Kva vilde han deg, denne galne mannen? Han svara: Å, de kjenner nok mannen og dei underlege tankane hans.
12Men dei sa: Du talar ikkje sant; seg oss det no! Då svara han: So og so tala han til meg og sa: So segjer Herren: Eg hev salva deg til konge yver Israel.
13Straks tok dei kvar si kappa og breidde under han på troppestegi. So bles dei i luren og ropa: Jehu er konge!
14Soleis var det Jehu, son åt Nimsison, fekk i stans ei samansverjing mot Joram. - Joram hadde med heile Israels-heren lege ute og verna Ramot i Gilead mot Hasael, kongen i Syria;
15men sjølv var han faren heim att og vilde få lækt såri sine i Jisre'el - dei såri som syrarane hadde gjeve han då han slost med Hasael, syrarkongen. - No sa Jehu: Vil de som eg, so lat ingen få røma og sleppa ut or byen og bera bod um dette til Jisre'el!
16Sjølv steig han upp i vogni si og for til Jisre'el; for der låg Joram sjuk, og Akasja, Juda-kongen, var og komen dit; han vilde sjå um Joram.
17Då vaktmannen som stod uppe i tårnet i Jisre'el, såg Jehu koma med flokken sin, ropa han: Eg ser ein stor flokk som kjem farande. Då sa Joram: Henta ein riddar og send han til møtes med dei; han skal spyrja um dei kjem med fred.
18So reid ein hestkar til møtes med Jehu og sa: Eg skulde spyrja frå kongen um de kjem med fred. Jehu svara: Kva skil det deg? Snu um og fylg etter meg! Vaktmannen sa frå og ropa: Den som bar bodet, er komen fram til dei, men han kjem ikkje attende.
19So sende kongen ein annan hestkar i veg; då han kom fram, sa han: Kongen spør um de kjem med fred. Jehu svara: Kva skil det deg? Snu um og fylg etter meg!
20Vaktmannen sa frå: Han hev nått fram til dei, men kjem ikkje att. Når ein ser korleis dei køyrer, skulde ein tru det var Jehu Nimsison; for han køyrer som ein galen.
21Då sa Joram: Spenn fyre! So spente dei fyre vogni hans, og både han - Joram, Israels-kongen - og Akasja, Juda-kongen, køyrde av stad i kvar si vogn. Dei for til møtes med Jehu og råka han på bømarki åt Nabot frå Jisre'el.
22Med same Joram fekk auga på Jehu, spurde han: Kjem du med fred, Jehu? Han svara: Korleis kann du tala um fred so lenge Jesabel, mor di, held på med sin horelivnad og sine mange trolldomskunster?
23Då snudde Joram og rømde, og han ropa til Akasja: Det er svik Akasja!
24Men Jehu treiv bogen sin og skaut Joram millom herdane, so pili gjekk ut igjenom hjarta, og han seig i hop i vogni.
25So sa Jehu til Bidkar, ein av hovudsmennene sine: Tak og kasta han inn på bømarki åt Nabot frå Jisre'el! Du kjem vel i hug korleis eg og du reid saman etter Akab, far hans, og Herren lyste desse ordi mot han:
26Ja visst såg eg i går bodet åt Nabot og sønene hans, segjer Herren, og eg skal gjeva deg lika for det på denne bøen, segjer Herren. So tak då å kasta han burt på bøen, som Herren hev sagt!
27Då Akasja, Juda-kongen, såg det, rømde han og tok vegen til hagehuset. Men Jehu sette etter han og ropa: Han og - skjot han! Og dei skaut han i vogni hans i Gurkleivi tett innmed Jibleam. Han fekk rømt til Megiddo; der døydde han.
28Mennene hans køyrde han til Jerusalem og sette han ned i ei grav som var stelt til åt han innmed gravene åt federne hans i Davidsstaden.
29Det var i ellevte året at Joram Akabssons kongedøme Akasja hadde fenge veldet yver Judariket.
30So kom Jehu til Jisre'el. Då Jesabel høyrde det, sminka ho seg kring augo og tok hovudgullet sitt på. So såg ho ut igjenom vindauga,
31og då Jehu kom køyrande inn gjenom porten, ropa ho: Kjem du med fred, du Simri som drap herren din?
32Han såg upp mot vindauga og sa: Kven held med meg? Kven? Tvo, tri hirdmenner skyngde ned til han frå vindauga.
33Då ropa han: Støyt henne ned! So støytte dei henne ned, og blodet hennar spruta uppetter veggen og på hestane, og han let hestane trø henne ned.
34Jehu gjekk inn og åt og drakk. Sidan sa han: Gjer vel og sjå etter den forbanna kvinna og få henne i jordi! Ho er då ei kongsdotter.
35Men då dei kom og vilde jorda henne, fann dei ikkje anna av henne enn hovudskåli og føtene og hendene.
36So kom dei att og sa det til han. Då sa han: No sannar det seg det ordet som Herren tala igjenom Elisa frå Tisbe, tenaren sin, då han sa: På Jisre'elsbøen skal hundane eta kjøtet åt Jesabel,
37og liket hennar skal verta som møk som er spreidd utyver bømarki i Jisre'el, so ingen kann segja: Dette er Jesabel.